The Economist | |||
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Type | Tidsskrift | ||
Innhald | Samfunnsøkonomi, politikk | ||
Grunnlagd | 1843 | ||
Eigarar | The Economist Group | ||
Grunnlegger(ar) | James Wilson | ||
Sjefredaktør(er) | Zanny Minton Beddoes (2015)[1] | ||
Språk | Engelsk | ||
Hovudkvarter | London | ||
ISSN | 0013-0613, 1476-8860 | ||
OCLC | 531780543 | ||
Nettstad | https://www.economist.com/ (engelsk) |
The Economist er eit britisk nyheitsmagasin som blir gitt ut kvar veke av The Economist Newspaper Limited. Journalistikken dekkjer politikk, økonomi, vitskap, teknologi, og kultur, med klar hovudvekt på politikk, økonomi og finans. Journalistikken til The Economist dekkjer heile verda, men Storbritannia, USA, og Kina blir vigd særleg plass.
Bladet omtaler seg sjølv som ei avis (newspaper), ettersom journalistikken for det meste dekkjer nyheiter. Vekevis utgiving, A4-formatet og den glansa papirkvaliteten gjer det derimot lett å rekna The Economist som eit tidsskrift. Dette er også fordi journalistikken er svært databasert, og vektlegg djupare analysar framfor kontinuerleg nyheitsdekking.[2][3] The Economist driv eit eige forskings- og analysebyrå med store samfunnsvitskaplege databasar under The Economist Intelligence Unit, som utarbeider datamaterialet for artiklane til magasinet.[4]
The Economist blei grunnlagd av den skotske økonomen og politikaren James Wilson i september 1843.[5] Magasinet har i dag ein sirkulasjon på ca. 1,5 millionar kopiar i veka.[6] Noverande redaktør er den britiske økonomen og journalisten Zanny Minton Beddoes.[7] Magasinet blir trykt kvar torsdag, og blir gjeve ut i Noreg på laurdagar.
The Economist har kontor i Bangkok, Beijing, Berlin, Brussel, Kairo, Delhi, Edinburgh, Frankfurt am Main, Hongkong, Johannesburg, London, Los Angeles, Mexico by, Moskva, New York City, Paris, Riga, San Francisco, São Paulo, Tokyo og Washington, DC.
The Economist har eit uttalt liberalt, sentrumsnært politisk grunnsyn. The Economist var tidleg ute med å støtta mellom anna homofilt ekteskap, legalisering av prostitusjon, aktiv dødshjelp, legalisering av cannabis, og strengare våpenlover i USA. Magasinet er uttalt tilhengjar av marknadsliberalisme, frihandel og internasjonalt samarbeid.[8] Det har strenge krav for faktasjekking, journalistisk nøytralitet og korrektur.[9] Ingen av artiklane i magasinet blir underskrivne av individuelle journalistar; i staden blir alle artiklar gjevne ut av The Economist i og for seg, slik at magasinet «skal tala med ei kollektiv stemme». Journalistar i magasinet samarbeider ofte om artiklar og rapportar, noko som ifølgje redaksjonen sikrar nøytraliteten og objektiviteten til artiklane.[10]