The Corrs | |||
| |||
Opphav | Dundalk i Irland | ||
---|---|---|---|
Periode | 1990–2006, 2015- | ||
Aktiv | 2000– | ||
Sjanger | alternativ rock, rock | ||
Plateselskap | 143 Records, Lava Records, Atlantic Records, Warner Music Group | ||
Medlemmer | Jim Corr Sharon Corr Caroline Corr Andrea Corr |
The Corrs er ei folkrockgruppe frå Dundalk i County Louth i Irland. Gruppa blei skipa i 1990, og består av tre systrer og ein bror frå familien Corr: Sharon Corr, Caroline Corr, Andrea Corr og Jim Corr.[1] The Corrs har gjeve ut seks studioalbum.
Dei fire medlemman av The Corrs er barn av Jean og Gerry Corr.[2] Familien budde i Dundalk i Irland.[3] Jean og Gerry hadde si eiga musikkgruppe, Sound Affair, som spelte songar av ABBA og The Eagles i lokale pubar i Dundalk-området, og ofte tok med seg borna på konsert.[4][5]
Oppmuntra av foreldra byrja barna å spela ulike instrument.[6] Dei øva ofte i soverommet til Jim i eit hus han hadde leigd. Andrea song hovudvokal, Sharon spelte fiolin og både Caroline og Jim spelte keyboard.[7] I 1990 skipa syskena ei gruppe dei kalla The Corrs.[8]
I samband med ein audition for The Commitments, der Andrea Corr fekk ei rolle, blei gruppa oppdaga av John Hughes, som blei manageren deira.[9] The Corrs skreiv kontrakt med Atlantic Records i 1995 og drog til Nord-Amerika for å spela inn debutalbumet sitt Forgiven, Not Forgotten. Det keltisk-inspirerte albumet inneheldt sjølvskrivne songar som «Runaway» og «Closer», i tillegg til seks instrumentale spor med irsk tradisjonsmusikk. Adrea Corr song hovudvokal og spelte blikkfløyte. Albumet hadde suksess i fleire land, særleg Irland, Australia, Japan og Spania. Det selde til platina i Storbritannia og Australia, og firedobbel platina i Irland, noko som gjorde det til den mest populære debutet av ei irsk gruppe.[10][11][12][13]
Etter suksessen til debutalbumet gav The Corrs ut albuma Talk on Corners i 1997 og In Blue i 2000.[14] Talk on Corners fekk først ein lunken suksess, men etter utgjevinga av ein remiksversjon gjekk det til toppen av salslistene i fleire land, og selde til platina i Storbritannia og Australia.[15][16] In Blue nærma seg popmusikk, med stor vekt på elektronisk synthesiser. Det hadde suksess, og var på førsteplassen i den første veka i sal i Storbritannia, Irland, Australia, Tyskland, Sveits og Austerrike, og debuterte på andreplassen i Frankrike og Noreg. Det klatra til førsteplassen i den andre veka i sal i Sverige og Spania.[17]
Under produksjonen av In Blue døydde mora til Corr-syskena, Jean, medan ho venta på ein lungetransplantasjon ved Freeman Hospital i Newcastle i England.[18] Ho blei gravlagd ved St. Patrick's gravstad i Dundalk. Bono, Larry Mullen, Brian Kennedy og Paul Brady kom i gravferda.[19] «No More Cry», som Andrea og Caroline Corr skreiv for albumet, var dedisert til far deira i håp om å hjelpa han med sorga.[20]
I 2003 spelte Andrea Corr inn «Time Enough For Tears», ein song skriven av Bono og Gavin Friday til filmen In America.[21] Sporet blei teke med på The Corrs-albumet Borrowed Heaven frå 2004.[22] Borrowed Heaven var dedisert til den avdøde mora deira, Jean, og faren Gerry.[23] Gruppa dediserte også albumet Home frå 2005 til mor si.[24] På dette albumet spelte gruppa ei rekkje irske folkesonga henta frå mora si songbok for å markera dei 15 åra dei hadde vore eit band.[25][26][27]
Det sjette studioalbumet til The Corrs, White Light,[28] blei gjeve ut 27. november 2015, og følgd opp med ein verdsturné.
Alle medlemmene i gruppa er blitt utnemnd til Honorary Members av Order of the British Empire (MBE).