The Blues Brothers | |||
| |||
Opphav | Chicago, Illinois, USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1978-i dag | ||
Sjanger | Blues-rock, blues, rhythm and blues. | ||
Plateselskap | Atlantic |
The Blues Brothers er eit amerikansk blues- og soul-band som vart grunnlagt i 1978 av komikarane Dan Aykroyd og John Belushi som del av ein musikalsk sketsj på fjernsynsprogrammet Saturday Night Live. Belushi og Aykroyd var frontfigurane i bandet i rollene som hovudvokalist «Joliet» Jake Blues og munnspelspelar/vokalist Elwood Blues. Resten av bandet bestod av velkjende og respekterte musikarar. Dei debuterte som musikalske gjester i TV-showet den 22. april 1978. Dei opna showet ved å framføra «Soul Man» og seinare «Hey Bartender».[1]
Bandet strekte seg snart utover rammene i fjernsynet. I november 1978 sleppte dei albumet Briefcase Full of Blues, nyttårsaftan 1978 varma dei opp for Grateful Dead på Winterland Arena i San Francisco og i 1980 vart filmen The Blues Brothers produsert.
Etter at Belushi døydde i 1982, heldt the Blues Brothers fram med å opptre med ei rekkje ulike gjestesongarar og andre bandmedlemmer. Bandet samla seg igjen i 1988 for å reisa på verdsturné, og i 1998 gav dei ut oppfølgjarfilmen Blues Brothers 2000.
(Ikkje alle medlemmene her var med i filmen frå 1980).
Medlemmar | «Joliet» Jake E. Blues · Elwood J. Blues · Steve «The Colonel» Cropper · Donald «Duck» Dunn · Murphy Dunne · Willie «Too Big» Hall · Steve «Getdwa» Jordan · Tom «Bones» Malone · «Blue» Lou Marini · Matt «Guitar» Murphy · Alan «Mr. Fabulous» Rubin · Paul «The Shiv» Shaffer · Tom «Triple Scale» Scott |
---|---|
Album | Briefcase Full of Blues (1978) · The Blues Brothers: Music from the Soundtrack (1980) · Made in America (1980) · Best of The Blues Brothers (1981) · Dancin' wid da Blues Brothers (1983) · The Blues Brothers Band Live in Montreux (1990) · Red, White & Blues (1992) · The Very Best of The Blues Brothers (1995) · Blues Brothers and Friends: Live from Chicago's House of Blues (1997) · Blues Brothers 2000: Original Motion Picture Soundtrack (1998) |
Filmar | The Blues Brothers · Blues Brothers 2000 |
Videospel | The Blues Brothers · Blues Brothers 2000 |
Tilknytte artiklar | romanen The Blues Brothers · Blues Brothers: Private · Bluesmobile · The Blues Brothers Show |