Thank You Song av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin II | ||
Utgjeve | 22. oktober 1969 | |
Innspelt | 1969, Morgel Studios, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:49 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Jimmy Page, Robert Plant | |
Tekstforfattar | Jimmy Page, Robert Plant | |
Låtskrivar(ar) | Page/Plant | |
---|---|---|
Produsent | Jimmy Page |
«Thank You» er ein song skriven av Robert Plant og Jimmy Page og framført av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet Led Zeppelin II frå 1969.
«Thank You» signaliserte eit djupare engasjement i låtskrivinga for songaren Robert Plant og det var den første Led Zeppelin-songen han skreiv heile teksten til. I følgje forskjellige Led Zeppelin-biografiar, er det òg songen som fekk Jimmy Page til å innsjå at Plant no kunne skrive teksten til dei fleste songane deira. Plant skreiv teksten som ei hyllest til den dåverande kona Maureen.
Songen inneheld utsøkt Hammondorgel av John Paul Jones, som tonar ut i ein falsk slutt før eit crescendo startar om lag ti sekund seinare. Dette har vore eit problem for radiostasjonar som speler songen, som må velje om dei skap la det vere stille ti sekund på lufta eller avslutte songen. Somme stasjonar har laga ein redigert versjon der stillheita er borte.
Page spelar ein Vox 12-stengsgitar på denne songen.[1]
«Thank You» var ein populær song då han vart spela på Led Zeppelin-konsertane, og vart song der Jones fekk vise seg fram på orgel, ofte med ein lengre orgelsolo (anten på Hammondorgel og stundom i 1972-1973 på ein Mellotron) som introduksjon til songen. Stykket vart etter kvart fjerna frå settlista, men vart stundom spela som ekstranummer, til dømes på den siste konserten deira i Madison Square Garden.
I 1992 song Plant «Thank You» før han glei over i «Crazy Little Thing Called Love» av Queen under minnekonserten for Freddie Mercury. Page and Plant spela songen att i 1994 på Unledded-turneen deira.
I november 2010 toppa «Thank You» Gibson si liste over «Dei ti beste Thanksgiving-songane».[2][3] Plateprodusent Rick Rubin har kommentert strukturen i songen: «Den delikate vokalen er utruleg; den akustiske gitaren og orgelet skapar i lag ein utanomjordleg nærvær.»[4] Alek Keshishian-filmen With Honors inneheld ein Duran Duran-versjon av songen i 1994.[5] «Thank You» vart òg framført av Lars Mitch Fischermann med Led Zeppelin Jam på Rock 'n' Royal, ein konsert i samband med bryllaupet til Kronprins Frederik og Kronprinsesse Mary av Danmark.[6]
|
|