Terje Torkildsen | |
Terje Torkildsen held foredrag på Garborgsenteret i 2011. | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juni 1971 (53 år) i Stavanger |
Yrke | Skodespelar, komikar, skribent, forfattar |
Periode | 2008- |
Debut | Marki Marco |
Nettstad | www.terjetorkildsen.no |
Terje Torkildsen på Commons |
Terje Torkildsen (fødd 10. juni 1971 i Stavanger)[1][2] er ein norsk skodespelar, komikar, miljøvernar, skribent og forfattar.[3]
Torkildsen er utdanna norsklektor[3] og skreiv hovudfagsoppgåve om forfattaren Jens Zetlitz.[4] Han har arbeidd som komikar sidan 1990-talet, med fyrste soloshow Morolog i 2002. Sidan 2003 har han fast spalte i Stavanger Aftenblad. Som skodespelar har han medverka i spelefilmane Mongoland, Alt for Egil og Monstertorsdag. I perioden 1998–2007 var han prosjektleiar i Miljøheimevernet og Grønn Hverdag. Ved kommunevalet i 2007 var han kandidat for Bymiljølista i Stavanger, frå 2011 har han vore varamann for Miljøpartiet Dei Grøne i kommunestyret. Han arbeider og som kåsør og foredragshaldar.
I 2008 debuterte Torkildsen som forfattar med ungdomsboka Marki Marco, utvikla i samarbeid med 10. klasse ved St. Svithun skole i Stavanger.[3] Boka vart løna med UPrisen 2009. Han har seinare gjeve ut ein serie ungdomsromanar i fire bind under samlenamnet Dystopia.