Tangara
Brunhovudtanagar, Tangara gyrola Foto: Julian Londono
Brunhovudtanagar, Tangara gyrola
Foto: Julian Londono
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Tangara
Brisson, 1760

Tangara er ei stor biologisk slekt av fuglar i tanagarfamilien som femnar om ca. 50 artar. Alle er neotropiske, og medan dei fleste er ganske utbreidde, har somme avgrensa distribusjonar og er truga. Dei er ganske små, ​​og varierer i storleik frå 11,5 til 15 centimeter. Denne slekta inneheld nokre av dei mest spektakulært farga fuglane i verda.

Desse tanagarane lever hovudsakleg høgt i trekronene, men nokre er tilpassa meir ope habitat. Dei finst i alle høgder under tregrensa, men er mest mangfaldige i subtropiske område i Andes og i skogane nær fjellsidene i Colombia, Ecuador og Peru.

Hoa byggjer eit vanlegvis godt skjult koppforma reir og legg to kvite egg med brune eller lilla flekker. Egga blir klekkt etter 13-14 dagar og ungane er flygedyktige etter ytterlegare 15-16 dagar. Begge kjønn matar ungane på insekt og frukt, og kan òg få bidrag av hjelparar.

Tangara-tanagarane plukkar insekt frå blad, nokon gonger i flukt, men frukt er eit viktig element av dietten, frukter stod for 53-86 % av føda blant artar som blei studerte.

Artslista

[endre | endre wikiteksten]

Tangara i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tangara