Eit takyon eller takyonsk partikkel er ein hypotetisk elementærpartikkel som flyttar seg raskare enn lyset. Namnet kjem frå greske ταχύς (takhys), som tyder «rask, kjapp» og vart gjeve av Gerald Feinberg.[1] Det er generelt akseptert hos fysikarar i dag at ein slik partikkel ikkje kan eksistere, fordi dei ikkje er konsistente med dei kjende fysikklovene, som seier at ingenting kan vere raskare enn lysfarten.[2][3] Om slike partiklar eksisterte, kunne ein byggje ein takyonsk antitelefon og sende signal raskare enn lyset, som i følgje den spesielle relativitetsteorien ville ført til eit kausalitetsbrot.[3]
Potensielle konsistente teoriar som tillét partiklar som går raskare enn lyset omfattar dei som bryt Lorentz-invariansen, der symmetrien ligg til grunn for spesiell relativitet, slik at lysfarten ikkje vert ein barriere.
I artikkelen frå 1967 der Feinberg namngav partikkelen,[1] foreslo han at takyon kan vere eit kvant i eit kvantefelt med negativ masse kvadrert. Men ein forstod raskt at eksitasjonar av slike imaginære massefelt ikkje forplantar seg raskare enn lyset,[4] og i staden representerer ein instabilitet kalla takyonkondensasjon.[2] Ikkje dess mindre vert negative kvadrerte massefelt vanlegvis kalla «takyonske»,[5] og har spelt i viktig rolle i moderne fysikk.
Trass i teoretiske argument mot at partiklar som går raskare enn lyset kan eksistere, har ein utført eksperiment for å leite etter dei. Viss det finst ladde takyon, vil dei sende ut tsjerenkovstråling i vakuum. Ein har prøvd å påvise takyon ved å observere slik stråling, men alle forsøka har vore negative. Ein har ikkje funne overtydande bevis for at dei finst.[6]