61°1′11.1″N 5°22′41.77″E / 61.019750°N 5.3782694°E
Takle kraftverk er eit vasskraftverk i Gulen kommune i Vestland. Kraftverket vart opna i 2000 og utnyttar fallet på 163 m frå Taklevatnet. Den opphavlege kraftstasjonen på Takle vart sett i drift i 1943 og stengd av tryggingsomsyn i 1993. Stasjonen gav opphavleg straum til innbyggjarane i Brekke kommune.
Nedbørfeltet er på 3,2 km², og årstilsiget er på 11,9 millionar m³. Installert effekt er 1 MW med ein francisturbin. Kraftverket har totalt ein midlare årsproduksjon på 5,6 GWh.
Anlegget blir ått og drifta av BKK.