Tahr[1] (frå pahari)[2] er ei gruppe store klauvdyr som minnar om og er i slekt med geiter og sauer. Det finst tre ulike artar av tahr, alle frå Asia. Ein trudde tidlegare at dei var nært i slekt med kvarandre og plasserte dei i ei biologisk slekt, Hemitragus. Genetiske studiar har seinare vist at dei ikkje er så nært i slekt som ein trudde, og dei er no plasserte i kvar si monotypiske slekt: Hemitragus blir no bruk for himalayatahr, Nilgiritragus for nilgiritahr og Arabitragus for arabisk tahr.[3]
Både arabisk tahr i Oman og nilgiritahr i Sør-India har begge små utbreiingsområde og er rekna som tryga artar, medan himalayatahr er relativt utbreidd i Himalaya. Denne arten er også blitt introdusert til Søralpane på New Zealand, der det blir drive jakt på han. Eit tahr-par som rømte frå ein dyrehage i Sør-Afrika i 1936 etablerte ein populasjon på Table Mountain ved Cape Town,[4] men det meste av denne er blitt utrydda.[5] Nilgiritahr held til i fjellområde i Sør-India. I 1998 fanst det rundt 1400 individ av arten, med den største populasjonen fordelt mellom dei indiske statane Tamil Nadu og Kerala, sårbar for krypjakt.[6]