Ta sjansen var eit årleg show-renn som blei arrangert i Besserudtjernet i botnen av Holmenkollbakken frå 1983 til 2002. Arrangør var Skiforeningen i samarbeid med NRK. Showet blei sendt på NRK med blant anna Knut Th. Gleditsch, Roald Øyen, Knut Bjørnsen, Dan Børge Akerø, Ivar Dyrhaug, Vidar Lønn-Arnesen og Tande P. som programleiarar.
Showet bestod av to delar: Båtklassen og sykkelklassen. Deltakarane måtte stilla med ein sjølvbygd båt eller sykkel.
Arrangementet var også planlagt gjennomført i 2003, men blei avlyst etter at Skiforeningen hadde tapt over 6 millionar kroner på konkursen i Sponsorservice.[1]
I 2019 blei bjølla som blei brukt i konkurransen auksjonert bort i samband TV-aksjonen 2019 for 1 million kroner.[2]
Dato | Publikum | Vinnarar | Programleiar |
---|---|---|---|
9. juli 1983[3] | Brødrene Brudeli frå Trøgstad | Roald Øyen | |
23. juni 1984[4] | 25 000 | Brødrene Brudeli frå Trøgstad | Bjørge Lillelien og Knut Bjørnsen |
18. juni 1985[5][6] | 8000–15 000 | «Kane ad undas», Brødrene Brudeli frå Trøgstad. 3,1 sek | Bjørge Lillelien og Knut Bjørnsen |
1986 | Dan Børge og Hallvard Flatland | ||
27. juni 1987 | Fiaskoprisen båt: Piano, Ohmp & Blæds, AID, Grimstad | Dan Børge Akerø og Bjørge Lillelien | |
25. juni 1988[7] | Båtkonkurransen: Utfordreren 2 Fiaskoprisen sykkel: Brudeferden | Jahn Teigen, Knut Th. Gleditsch og Dan Børge Akerø | |
18. juni 1989[8] | 30 000 | Båtkonkurransen: I/S Sprutnink, Martinteknisk avdeling, NTH. 3,7 sek og: Bjelleknuseren Mysen Ungdomskor, 3,7 sek | Dan Børge Akerø |
7. juli 1990 | F/S Leif, Martinteknisk avdeling, NTH. | Programmet hadde ingen kommentarar grunna streik på opptakstidspunktet. | |
29. juni 1991 | Mannhullet, Martinteknisk avdeling, NTH. 3,9 sek | Dan Børge Akerø og Knut Th. Gleditsch | |
27. juni 1992 | Båtkonkurransen: Kollenbrølet, 4,3 sek. Sykkelkonkurransen: Trippel. | Andreas Lunnan | |
3. juli 1993 | Vidar Lønn-Arnesen | ||
25. juni 1994 | Vidar Lønn-Arnesen | ||
26. juni 1995 | Alf Tande-Petersen | ||
29. juni 1996 | Fiaskoprisen: «Yngve». Skiforeningens ærespris: «Vannvogna», Norsk Caravan Club. Raskeste farkost: «Datavirus», 3,9 s. | Alf Tande-Petersen | |
1997 | |||
1998 | |||
1999 | |||
2000 | Båtkonkurransen: Tusen raske frå Bodø | Jon Herwig Carlsen | |
24. juni 2001[9] | 10 500 | Båtkonkurransen: Tusen raske frå Nordlandsbanken Fantasiprisen: Boobietrap (Jon Peder Saxe, Jay Eliston, Morten Aas, Andreas Forsmark og Tine Stausland) |
Jon Herwig Carlsen |
23. juni 2002[10][11] | 8200 | Jan Erik Larssen og Jon Herwig Carlsen |