58°56′29″N 5°40′18″E / 58.94139°N 5.67167°E
Sverd i fjell er ein bronseskulptur sett opp til minne om slaget i Hafrsfjord som samla Noreg til eitt rike. Han er laga av tre store sverd som står opp frå svaberget i Møllebukta inst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Skulpturen vart laga av Fritz Røed frå Bryne frå 1980 til 1983.[1] Han vart avduka av kong Olav 7. mai 1983.[2]
Eit større sverd står for kongen som sigra, medan dei to mindre er bilete på dei tapande småkongane. Minnesmerket er også meint som eit symbol for fred. Sverda er sett ned i fjellet for at dei aldri meir skal brukast, slik ein kunne stikka sverd i jorda som ei fredshandling i norrøn tid.[3]