Stor laksetobis | |
Stor laksetobis | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Øglefiskar Aulopiformes |
Familie: | Laksetobisfamilien Paralepididae |
Slekt: | Paralepis |
Art: | Stor laksetobis P. coregonoides |
Vitskapleg namn | |
Paralepis coregonoides |
Stor laksetobis (Paralepis coregonoides) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som lever i dei fleste av dei tempererte og tropiske hava i verda.
Fisken er lang og smal og liknar ein barrakuda[1] med spist hovud, store auge og ein stor munn. Bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak. Den lengste finnen er analfinnen, som har 22 til 24 finnestrålar. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[2] Langs sidelinja har den to rekker med perforerte skjel.[1]
Den nordlege laksetobisen er ein pelagisk fisk som lever frå 50 til over 1 000 meters djupne. Føda består av småfisk, reker og til ein viss grad plankton. Han leiker frå mars till september; larvane held seg nær overflata.[3]
Arten finst nord i Atlanterhavet frå Newfoundland, Sør-Grønland, Sør-Island og Sør-Noreg til Georgia, vestre Middelhavet og Vest-Afrika.[4] Han unngår størstedelen av Nordsjøen, men er blitt funnen ved danskekysten nokre få gonger.[1]
Arten har to underartar: