Stone Cold Crazy av Queen frå albumet Sheer Heart Attack | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. november 1974 | |
Innspelt | Juli-september 1974 | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:16 | |
Selskap | ||
Komponist | John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury, John Deacon, Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent | ||
Queen-kronologi | ||
«The Show Must Go On» (1991) |
Stone Cold Crazy | «Bohemian Rhapsody/These Are The Days Of Our Lives» (1991)
|
«Stone Cold Crazy» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå albumet Sheer Heart Attack i 1974.[6] Songen er det åttande sporet på albumet. Sjølv om songen ikkje vart gjeven ut på singel på den tida, vart han spelt på nesten alle Queen-konsertane frå 1974 til 1978.[7][8][9][10] «Stone Cold Crazy» vart gjeven ut på samlealbumet Classic Queen i 1992.[11]
Songen er tilskriven alle medlemmane i bandet, sjølv om Freddie Mercury spelte songen med bandet sitt Wreckage seint 1960-åra, før Queen vart skapt. Den innspelte versjonen kan ha hatt tekst av Mercury og musikk av Brian May. Han var den første songen Queen spelte live i 1970, men han vart endra musikalsk og tekstmessig fleire gonger før han vart spelt inn. Dei tidlegare versjonane av songen var langsamare.
«Stone Cold Crazy» er kjend for det raske tempoet og den kraftige forvrenginga, og er ein føregangar til speed metal.[12] Musikkmagasinet Q skildra «Stone Cold Crazy» som «thrash metal før omgrepet vart funne opp».[5] I 2009 vart han kåra til den 38. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[13]
Det vart laga tre forskjellige miksar i 1991. Dei første to, av Michael Wagener, vart gjevne ut på forskjellige uttgåver av Sheer Heart Attack-utgåva frå 1991 og på filmmusikkalbumet Encino Man.[14][15] Den tredje vart laga av Trent Reznor, som gav han ut på fleire promo-CD-ar i 1991-1992 og i 1999.[16] Wagener-miksane er ikkje så veldig forskjellige frå originalen, og inneheld berre ein noko annleis miks av akkompagnementet. Reznor-miksen, miksar Queen-originalen med industrial metal-stilen til Nine Inch Nails.[16] Reznor sin miks inneheld lydklipp av Queen i byrjinga og slutten. Denne var meint for det Hollywood Records-samlinga BASIC Queen Bootlegs, som vart skringlagd.[16]
Stone Cold Crazy singel av Metallica | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1990[17] | |
Innspelt | 1990 | |
Sjanger | Thrash metal | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury, John Deacon, Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent | Metallica |
Metallica spelte songen for samlealbumet Rubáiyát: Elektra's 40th Anniversary i 1990. Denne versjonen vart sidan gjeven ut som B-side til singelen «Enter Sandman» og vann dei Grammy-prisen. Han vart òg gjeven ut på albumet deira Garage Inc.. Metallica-versjonen av songen er meir aggressiv enn originalen. Dei gjorde òg små endringar i teksten.
James Hetfield spelte ein gong songen i lag med Queen & Tony Iommi frå Black Sabbath under Freddie Mercury Tribute Concert.[18][19] Metallica spelte songen på turneen deira i 1991-1993 og ein versjon finst på Live Shit: Binge & Purge og Français Pour une Nuit frå 2009. Hellyeah spelte Metallica-versjonen av «Stone Cold Crazy» i 2007.
Extreme nytta delar av songen i ein medley på Freddie Mercury Tribute Concert. Bandet Eleven har òg spelt songen med vokal av Queens of the Stone Age-frontmannen Josh Homme (Killer Queen: A Tribute to Queen).[20]
Sum 41 byrja å spele ein versjon av songen på konsertane sine i 2010.[21]
Songen er med i videospelet Guitar Hero: Metallica og Rock Revolution, i tillegg som nedlastbart innhald for Rock Band 3 og Rocksmith.[22][23]
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum | |
Samlealbum | Greatest Hits · Greatest Hits II · Classic Queen · The 12" Collection · Queen Rocks · Greatest Hits III · Stone Cold Classics · The A–Z of Queen, Volume 1 · Absolute Greatest · Deep Cuts (Volume 1, 2, 3) · Icon · Queen Forever |
Andre album | The Cosmos Rocks (med Paul Rodgers) · Five Live av George Michael og Queen (med George Michael) |
Plateboksar | The Complete Works · The CD Single Box · Box of Tricks · Ultimate Queen · The Crown Jewels · The Platinum Collection · The Singles Collection (Volume 1, 2, 3, 4) |
Videoar | We Will Rock You · The Freddie Mercury Tribute Concert · Greatest Video Hits 1 · Queen at Wembley · Queen Rocks · Greatest Video Hits 2 · We Are the Champions: Final Live in Japan · Queen on Fire – Live at the Bowl · Queen Rock Montreal · Hungarian Rhapsody: Queen Live in Budapest · Live at the Rainbow '74 · A Night at the Odeon - Hammersmith 1975 |
Turnear | Queen II-turneen · Sheer Heart Attack-turneen · A Night at the Opera-turneen · Summer Gigs 1976 · A Day at the Races-turneen · News of the World-turneen · Jazz-turneen · Crazy Tour · The Game-turneen · Hot Space-turneen · The Works-turneen · The Magic-turneen · Queen + Paul Rodgers-turneen (med Paul Rodgers) · Rock the Cosmos-turneen (med Paul Rodgers) · Queen + Adam Lambert-turneen 2012 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2014–2015 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2016 (med Adam Lambert) |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Konsertar · Queen + Paul Rodgers · Queen + Adam Lambert · Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live · Highlander · Flash Gordon · Ibex · Larry Lurex · Mike Grose · Smile · The Cross · The Brian May Band · One Night of Queen · Queen: The eYe · We Will Rock You · We Will Rock You: 10th Anniversary Tour · Queen at the Ballet · Deacy Amp · The Official International Queen Fan Club · Mercury Phoenix Trust · Queen Extravaganza Tour · Mountain Studios · Red Special · Spike Edney · Jim Beach · John Reid · |