Stange kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Mahlum
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Stange | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Hamar domprosti | ||
Sokn | Stange | ||
Fellesråd | Stange | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | Midten av 1200-talet | ||
- Endringar | Ca. 1300, e. 1620, 1703, tidleg 1800-tal, 1928 | ||
Klokker | 1623 og 1751 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Johan Reinholdt, 1630 | ||
Døypefont | Erik Pedersen Kolstrup, 1719 | ||
Altartavle | 1652 | ||
Sitjeplassar | 400 | ||
Diverse | Dåpshus av Erik Pedersen Kolstrup. Kalvariegruppe frå 1685 over korboga. Epitafium frå 1710 i Nykyrkja. Glasmåleri (1928) av Gabriel Kielland i koret. | ||
Stange kyrkje 60°42′35″N 11°08′08″E / 60.70972222°N 11.13555556°E | |||
Wikimedia Commons: Stange kirke | |||
Stange kyrkje er ei steinkyrkje frå midten av 1200-talet i Stange kommune kommune i Innlandet fylke. Ho avløyste i si tid ei enda eldre steinkyrkje. I 1620 slog lynet ned, og mellomalderinventaret brann opp. Kyrkja vart utvida med ein ny fløy mot nord i 1703, den såkalla «Nykyrkja», oppført dels med stein frå domkyrkjeruinane på Hamar. Våpenhuset i vest er frå tidleg på 1800-talet, og i 1928 fekk kyrkja glasmåleri laga av Gabriel Kielland. Mange kjenner Stange kyrkje frå eit bilete måla av Harriet Backer.
Hulda Bergersen, seinare Garborg, blei døypt her i 1862.
På prestegarden står mellom anna eit par hus frå 1700-talet som er freda.