The Long Run Singel av Eagles | ||
B-side |
«The Disco Strangler» | |
---|---|---|
Utgjeve | 27. november 1979 | |
Sjanger | Rock, bluesrock, funkrock | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | Asylum | |
Låtskrivar(ar) | Don Henley, Glenn Frey | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
«Heartache Tonight» (1979) |
The Long Run | «I Can't Tell You Why» (1980)
|
«The Long Run» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey og spelt inn av Eagles. Songen vert rekna som ei hyllest til rhythm and blues-stilen til Stax og Memphis.[1] Han var tittelsporet på albumet The Long Run og vart gjeven ut som singel i november 1979. Han nådde åttandeplassen i USA på Billboard Hot 100 tidleg i 1980.[2] han var den andre av tre singlar frå The Long Run, og følgde «Heartache Tonight,» som nådde toppen av Billboard Hot 100 i november 1979, og vart etterfølgd av «I Can't Tell You Why,» som òg nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 våren 1980.[2]
Songen vart nytta i fjernsynsshowet WKRP in Cincinnati i episoden «The Doctor's Daughter».
Musikkritikaren Dave Marsh skriv i boka si The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made at songen «The Long Run» er meir enn berre ei hyllest, og kalla det ein fullstendig kopi av R&B-songen «Tryin' To Live My Life Without You» av Otis Clay i 1972, skriven av Eugene Williams. Denne vart covra av Bob Seger i 1981.[3]
Liste (1979/1980) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100[2] | 8 |
Canada RPM Top Singles[4] | 9 |
Canadian RPM Adult Oriented Playlist[5] | 9 |
New Zealand[6] | 30 |
UK Singles Chart[7] | 66 |
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum | |
Singlar |
|
Tilknytte artiklar |
|