Solveig Torsvik | |||
Fødd | 30. desember 1954 (69 år) Stange kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Solveig Torsvik (fødd 30. desember 1954 i Stange i Hedmark) er ein norsk stortingspolitikar og tidlegare partisekretær i Ap.
Torsvik vart vald inn på Stortinget frå Akershus i 1993. Før dette var ho forbundssekretær i Norsk Kommuneforbund frå 1989 til 1990, og statssekretær for kommunalminister Kjell Borgen frå 1990 til 1992. Ho var i tillegg vararepresentant til Stortinget i periodane 1981–1985, 1985-1989 og 1989-1993, og møtte som fast representant i til saman meir enn fire år i desse stortingsperiodane.
I 1996 vart Torsvik vald til første – og hittil einaste – kvinnelege partisekretær i Arbeidarpartiet. Ho stilte difor ikkje til val til Stortinget i 1997. Etter Arbeidarpartiets historisk dårlege valresultat i 2001, trekte ho seg som partisekretær og forlét norsk politikk til fordel for jobb som eigedomsutviklar i Tom Hagen Eigedom i Lørenskog.
I oktober 2006 gjorde Torsvik eit lite omtalt comeback som politikar, som politisk rådgjevar i Jens Stoltenbergs andre regjering, først for statsråd Sylvia Brustad i Helse- og omsutsdepartementet (2006-2008), deretter for statsråd Dag Terje Andersen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (2008-2009).
Frå hausten 2009 er Torsvik sekretariatsnestleiar for Arbeidarpartiets stortingsgruppe. Ho er sambuar med tidlegare stortingsrepresentant frå Oppland, ambassadør Haakon Blankenborg.