Solund kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Hardbakke | ||
Areal | 228,21 km² | ||
- land | 219,10 km² | ||
- vatn | 9,11 km² | ||
Folketal | 750 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Gunn Å. Mongstad (Sp) | ||
Kommunenr. | 4636 | ||
![]() Solund kommune 61°07′51″N 4°56′52″E / 61.130833333333°N 4.9477777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Solund | |||
Nettstad: www.solund.kommune.no | |||
Solund er ein øykommune vest i Vestland fylke, på nordsida av Sognesjøen heilt ytst i Sognefjorden.
Solund kommune vart skipa i 1858, frå starten heitte kommunen Utvær. Området hadde før det høyrd til Gulen kommune. Ved skipinga budde det 1384 personar i kommunen.[1] I 1888 vart garden Krakken overført til Solund frå Hyllestad kommune, og gardsnummer 54-61 overførte til Solund frå Askvoll kommune. Namnet på kommunen vart endra frå Utvær til Sulen i 1890, og i 1923 vart det endra frå Sulen til Solund.[2] Øya Losna vart overført til Solund frå Gulen kommune i 1964.[3]
Etter dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet vart Solund kommune den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal og har vore det sidan, med unntak av åra 1977 til 1979, då Hornindal kommune var mindre. Då folketalet gjekk under 1000 i 1999, vart Solund den einaste kommunen i Sogn og Fjordane med under tusen innbyggjarar, og per 2010 er han endå åleine om dette i fylket.
Folketalsutvikling for Sulen/Solund kommune frå 1920:
1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6] | 1.1.1961[6] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1839a | 1882a | 1910a | 1802a | 1655a | 1316 | 1191 | 1133 | 937 | 867 |
Solund er eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti, og det var fram til 2004 eit prestegjeld. Prestegjeldet vart oppretta i 1888 ved at Husøy og Solund sokn vart skilde ut frå Gulen prestegjeld. Tre år etter vart Hersvik skild ut som eige sokn frå Solund sokn.[7] Prestegjeldet hadde sokna Hersvik, Husøy og Solund fram til 2000, då vart dei tre slegne saman til eitt felles sokn som fekk namnet Solund.[8] Frå 2004 leidde prosten i Ytre Sogn prosti prestetensta i Solund, og prestgjeldet er nedlagt. I 2013 vart Ytre Sogn prosti lagt ned, og Solund vart saman med Gulen overført til Nordhordland prosti.[9] Soknet har tre kyrkjer; Hersvik kyrkje, Husøy kyrkje og Solund kyrkje. Lengre attende i tid har det vore kapell på Utvær og på Lågøy, og i periodar har delar av det som no er Solund sokn høyrd til under Øn sokn i Hyllestad prestegjeld og Vilnes sokn i Askvoll prestegjeld.
På Ytrøy ligg det ein heller som vert kalla Grønehelleren, og her har det under arkeologiske granskingar vorte funne ei avfallsdunge med knokkelrestar, skjel og reiskap frå steinalderen[10]. Funna syner at det har vore busetnad her allereie i eldre steinalder, og at folket her har nytta reiskap av grønstein frå steinbrotet på Hespriholmen utanfor Bømlo. Helleren har dessutan ligge så lagleg til at han har vore nytta av fagstfolk fram til inn i jarnalderen. Men det meste av funna skriv seg frå yngre steinalder, då skifer var teke i bruk som materiale til å lage ymse reiskap av, mellom anna spissar til pilar, i tillegg til at grønstein framleis vart nytta. Funn av keramikk som er magra med asbest kan tyde på at det har vore kontakt nordover. I dei yngste (øvste) laga i helleren vart det funne istykkerrusta leivningar av gjenstandar av jern.
I avfallsdunga låg det leivningar av fire skjelett etter menneske som ein reknar med har vorte gravlagt i dunga. Tre av skjeletta var morkne og låg innfiltra i kvarandre, medan det fjerde skjelettet hadde halde seg godt. Dette har vore ein gut i syttenårsalderen. Han har vore i godt hald, og det var ikkje teikn på skjelettet som tyda på at han hadde utført hardt arbeid. Han var lagt på høgre side med knea bøygde, og over han låg avfall som vart tidfesta til yngre steinalder.
61°4′N 4°50′E / 61.067°N 4.833°E