Solum kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Skien | ||
Sokn | Solum | ||
Fellesråd | Skien | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Joen Jacobsen (byggm.) | ||
Teknikk | lafteverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 5. juli 1766 | ||
• Endringar | M.a. 1830-talet, 1896, 1902, 1957–59 | ||
Tårn | i vest | ||
Kor | rett avslutta | ||
Klokker | 2: frå mellomalderen og 1747 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Preikestol | 1674 | ||
Døypefont | 1766 | ||
Orgel | J.H. Jørgensen, 1959 | ||
Sitjeplassar | 205[1] | ||
Solum kyrkje 59°10′24″N 9°33′31″E / 59.17341667°N 9.55863889°E | |||
Wikimedia Commons: Solum kirke |
Solum kyrkje er ei langkyrkje frå 1766 i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Joen Jacobsen. I 1830-åra bles tårnet ned, og nytt og lågare tårn vart oppført i 1833. Det var gjort høgre i 1902 og endra til den opphavlege framtoninga i 1959. Interiøret vart måla over og endra i 1896, og i 1957–59 vart kyrkja restaurert etter planar av Ragnar Nilsen.
Altartavla har eit bilete av Kristi himmelfart som er kopiert etter eit bilete i Helligaandskirken i København måla Hendrik Krock. På galleriet er den såkalla Løvenskioldstolen, ein lukka stol som prestefamilien tok over då Løvenskioldfamilien flytta frå staden.