Sokndal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jarle Vines | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Dalane | ||
Sokn | Sokndal | ||
Fellesråd | Sokndal | ||
Teknikk | Laft | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 8. juli 1807 | ||
• Endringar | 1868, 1928 | ||
Klokker | 1 | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | Anders Smith (1666), bilete frå juleevangeliet | ||
Døypefont | Oluf Drageland (1724) | ||
Altartavle | 1608, krossfestingsbilete måla av Peter Reimers, vengjer nyare | ||
Orgel | Reil (1995)[1] | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Sokndal kyrkje 58°20′43″N 6°17′40″E / 58.34518194°N 6.29447889°E | |||
Wikimedia Commons: Sokndal kirke |
Sokndal kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Sokndal kommune i Rogaland fylke. Kyrkja vart oppført og teken i bruk i 1803, men vart ikkje formelt innvigd før 8. juli 1807. Kyrkja har om lag 600 sitjeplassar.
Kyrkjegarden ved kyrkja vert ikkje lengre brukt, men vert halden i hevd. Det er to gravplassar — Eikedal og Frøyland — lengre aust i Hauge tettstad, ein på kvar side av fylkesveg 44.