Sohlmans musiklexikon er eit svensk leksikon for musikk, omtalt som «Nordiskt och allmänt uppslagsverk för tonkonst, musikliv och dans». Første utgåve kom i åra 1948-52 og var i hovudsak innretta på vestleg kunstmusikk (klassisk musikk) og musikkteori. Ei revidert utgåve kom ut frå 1975 og hadde eit breiare opplegg. Der finn ein òg artiklar om folkemusikk, musikk i andre kulturar og om populærmusikk.

«Jag skulle slå upp en sak om Bach och upptäckte att jag läst ända till Beatles.»

Sten Broman i marknadsføring for den svenske utgåva

I 1977 kom den første utanlandske utgåva av leksikonet ut i Finland. Cappelens musikkleksikon, som kom ut i Noreg frå 1978, byggjer på Sohlmans musiklexikon, men er utvida og tilpassa norske tilhøve.

Utgåver

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]