Kjole med langt slep. Portugal ca. 1845.

Slep er eit langt stykke stoff som er del av ein kjole, skjørt eller annan klesdrakt og når ned til bakken og sleper etter beraren. Slep kan til dømes vera del av hoffkjolar, selskaps- eller brurkjolar eller av seremonielle kapper.

Store voluminøse slep er særleg kjende frå kongelege bryllaup, som det m.a. vart sett ved bryllaupet mellom prins Harry og Meghan Markle i 2018.[1][2]

I den katolske kyrkja er cappa magna (bokstaveleg talt 'stor kkape'), ein type kappe eller cape som kan brukast av særskilde kardinalar, biskopar og æresprelatar.

Kjelder

  1. «Royal wedding 2018: Meghan Markle's Givenchy dress in detail». BBC. 19. maj 2018. Henta 19. maj 2018. 
  2. Friedman, Vanessa (19. maj 2018). «Meghan Markle’s Wedding Dress Was Made for a Person, Not a Princess». The New York Times. Henta 19. maj 2018. 
Litteratur