Skuldelev 1 er eit vikingskip frå om lag 1030[1] som vart utgrave i Roskildefjorden saman med dei andre Skuldelevskipa i 1962.
Skipet har vore ein knarr, som er bygd av fure. Han var 15,80 m lang og 4,8 m på det breiaste. Knarren har hatt ope lasterom midt i skipet, og ein reknar med at han har vorte brukt som frakteskip på lengre turar, og på ope hav.[2] Skipet er bygd av fure. Undersøking av trevirket tyder på at det er bygd i Sogn i 1025. Det er reparert fleire gonger. Då har det vore brukt eik. Materialprøver tyder på at det har vorte gjort både ved Oslofjorden og i Danmark.[2]
Datering: | Ca. 1030 |
Byggestad: | Vestnorge |
Bevart: | Ca. 60 % |
Materialar: | Furu eik og lind |
Lengd: | 15,84 meter |
Breidd: | 4,8 meter |
Djupgåande: | 1 meter |
Deplacement: | 20 tons |
Åretal: | 2-4 |
Besetning: | 6-8 |
Seglareal: | Ca. 90 m2 |
Gjennomsnittsfart: | Ca. 5 knop |
Toppfart: | Ca. 13 knop |
Der er bygd fleire rekonstruksjonar av Skuldelev 1: