«Skrik» (feittstift på papp, 1893) er eit av Edvard Munch sine mest berømte måleri, og ein av Noreg sine viktigaste kunstskattar. Måleriet finst i fire originalversjonar. Av desse høyrer til to Munchmuseet, eitt Nasjonalgalleriet, og det siste er i privat eige (Petter Olsen).
Måleriet er eit kjent ikon, òg internasjonalt, og kan ofte finnast att i vitseteikningar, reklame og populærkultur.
Munch måla biletet etter ei angstfylt naturoppleving da han gjekk frå Ekeberg i Oslo, og han skriv i dagboka si datert Nice 22. januar 1892:
Forskarar har påstått himmelen var så raud på grunn av eit vulkanutbrot i Indonesia i same periode. Utbrotet førte til eit sterkt raudt lys på himmelen i Europa frå november 1883 til februar 1884.[1] Det var ikkje uvanleg at Munch måla bilete ut frå hendingar som låg eit stykkje tilbake i tid.