Døme på ei merka renne mot hamneområde.
Renne med bøyer.

Ei skipsrenne er ei kunstig lei i opent og grunt farvatn. Ho er merkt med bøyer og stakar gjerne etter lateralsystemet slik at trafikken i området vert dirigert til djupast vatn og mest tryggleik. Renna kan vere tilgjenge til ei hamn eller til eit anna område med djupare vatn. Somme tider vert omgrepa renne og kanal begge nytta om ein slik tilgangsveg på sjøen.

Renner vert oppretta når

Renner til kommersielle hamner kan krevje framhaldande vedlikehald med hjelp av mudderapparat. Når farvatna i kystområda ikkje er veldig djupe, som for eksempel utanfor Nantes og Saint Nazaire i Frankrike, kan rennene gå titals nautiske mil ut frå kysten.

Navigasjonsreglane i ei renne er spesielle. Det generelle prinsippet er at mindre båtar og fiskefartøy ikkje skal hindre passasjen for større skip slik at skipa kan segle i full tryggleik innanfor den tronge kanalen eller renna. Sjå også detaljar i regel 7 i internasjonale reguleringar for kollisjonsførebygging til sjøs, COLREGS 72.

I norske område er det mudra renner mellom anna til hamn i Tønsberg, gjennom Svelvikstraumen til hamn i Drammen og ei renne til Risøyhamn, den siste er kjent som Risøyrenna.

Kjelde