Skatteetaten

Offisielt namnSkatteetaten, Skatteetaten, The Norwegian Tax Administration
TypeEtat
VirkefeltNoreg
Org.nummer974761076
HovudkontorOslo
UndergrupperFinansdepartementet i Noreg
Tilsette7 234 (31. desember 2021)[1]
Nettsidehttps://www.skatteetaten.no/, https://www.skatteetaten.no/en, https://www.skatteetaten.no/nn

Skatteetaten er ein norsk statleg etat med ansvar for folkeregistrering og fastsetjing og innkreving av skatt. Etaten er underlagt Finansdepartementet.

Organisering

Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert i eit hovudkontor (Skattedirektoratet) og fem regionar:

Kvar region er organisert i fem funksjonar:

  1. Rettleiing
  2. Fastsetjing
  3. Kontroll og rettsbruk
  4. Skattekriminalitet
  5. Innkreving

Kvar region har av mange fysiske kontorstader (tidlegare likningskontor, fylkesskattekontor og skattefutkontor) som blir kalla skattekontor overfor brukarane. Alle skattekontora har ei førsteline som gjev rettleiing og tek imot spørsmål innanfor alle oppgåveområda i etaten.

Skattedirektoratet er inndelt i Avdeling Person, Avdeling Næring, Avdeling for styring og utvikling, Avdeling for innkreving, Avdeling for organisasjonstenester og IT-avdelinga. I tillegg har direktoratet fire stabseiningar som rapporterer direkte til skattedirektøren: Økonomisk kriminalitet og svart økonomi, Rettsutvikling og rettsanalyse, Internrevisjonen og Eininga for informasjon og samfunnskontakt.

Skatteetaten får òg ein ny klagestruktur. Første klageinstans blir skattekontora. Andre klageinstans blir dei fem skatteklagenemndene, ei for kvar region. Tredje klageinstans blir Riksskattenemnda. Dette inneber at dei tidlegare tre klageinstansane — likningsnemnd, overlikningsnemnd og fylkesskattenemnd — fell bort.

Kjelder

  1. «Årsrapport for Skatteetaten 2021»; vitjingsdato: 20. april 2024; utgjevar: Skatteetaten; utgjevingstidspunkt: 7. juli 2022; språk på verket: bokmål; filformat: portable document format; side(r): 2021.

Bakgrunnsstoff