Sjantikoret Rolling Home frå Åland framfører ein sjanti i si opphavlege setting, ombord på «Sigyn».

Ein sjanti (engelsk shanty, chanty eller chantey, av det franske ordet chanter, 'å synge') var arbeidssongarseglskuter. Enkelte meiner at det har vorte sunge sjantiar så tidleg som på 1400-talet, men det finst lite som støttar opp om dette. Sjantiane som er samla og har overlevd kjem frå 1800-talet og fram til dampskipa tok over på første halvdel av 1900-talet.

«Haul Away, Joe» framført av det tyske koret X-berg.

Opphav til songane

[endre | endre wikiteksten]

I dagane då menneskekraft var den einaste kraftkjelda om bord på skip hadde sjantiane eit praktisk føremål. Rytmen i songane gjorde at sjømennene kunne hale og dra samstundes. I tillegg hadde dei eit sosialt føremål. Det var behageleg å synge og lytte til songar, det gjorde tilværet mindre keisamt, og det gjorde det harde arbeidet, som det var mykje av på lange reiser, lettare.

Dei fleste sjantiar er call and response-songar (kall og svar) med ein forsangar (sjantimannen) som syng ei linje og alle sjømennene som i kor brøler ut svaret. Eit døme er sjantien «Boney»:

Sjantimann: Boney was a warrior,
Alle: Way, hey, ya!
Sjantimann: A warrior and a tarrier,
Alle: Jean-François!

Når ein song ein slik song drog alle sjømennene i tauet samstundes på den siste tonen i kvart svar.

Musikalsk kjem sjantiane frå fleire stader. «Spanish Ladies» er ein galliard (populær rundt 1600), songar som «Fire Marengo» høyrest ut som vestafrikanske arbeidssongar, og andre var tilpassa folkemusikk eller polkaer og valsar frå 1800-talet.

Kategoriar

[endre | endre wikiteksten]

Sjantiar kan delast inn i fleire kategoriar:

Sjømenn syng frivaktsviser. 1800-talet.

Kategoriane over er ikkje absolutte. Sjømennene kunne ta songar frå ein kategori og tilpassa rytmen til andre arbeidsoppgåver. Den einaste regelen dei nesten alltid følgde var at songane som omhandla det å kome heim att berre vart sunge når ein var på veg heimover, og songar om gleda ved å reise og liknande berre vart sunge på veg heimefrå. Andre songar var særs spesifikke. «Poor Old Man» (òg kalla «Poor Old Horse» eller «The Dead Horse») vart sunge då sjømennene hadde brukt opp forskotet sitt («horse») etter ein månad eller der omkring ut i reisa.«Leave Her, Johnny Leave Her» (òg kalla «Time for Us to Leave Her») vart berre sunge siste gongen skipet vart pumpa før det la til kai og reisa var over.

Sjantimannen

[endre | endre wikiteksten]

Sjantimannen var sjømannens som var forsongaren om bord. Han var vanlegvis sjølvutpeikt. Ei sjømann mønstra vanlegvis ikkje om bord som sjantimann, men tok på seg denne rolla i tillegg til dei andre oppgåvene sine på skipet. Likevel var gode sjantimenn rekna som verdifulle og respekterte.

Sjantiar i dag

[endre | endre wikiteksten]
Eit gangspelmannskap

Tidlegare vart ikkje sjantiar sunge på land. I dag vert dei framført som populærmusikk. Sjantikor er populære i Europa, særleg i Polen og Nederland, men òg i Tyskland og Noreg. I Noreg har ein mellom anna Storm Weather Shanty Choir.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]