Sixten Jernberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 6. februar 1929 Lima församling |
Død | |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
Ski-VM 1954, 1955 Vasaloppet, Langrenn under Vinter-OL 1956 – 15 kilometer menn, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 50 kilometres, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 30 kilometres, Ski-VM 1958, cross-country skiing at the 1960 Winter Olympics – men's 15 kilometre, cross-country skiing at the 1960 Winter Olympics – men's 30 kilometre, 1960 Vasaloppet, Ski-VM 1962, cross-country skiing at the 1964 Winter Olympics |
Utmerkingar |
Edy Sixten Jernberg (6. februar 1929–14. juli 2012) var ein svensk langrennsløpar. Han var ein av Sveriges mestvinnande langrennnarar gjennom alle tider, med ni OL-medaljar og seks VM-medaljar. Mellom 1956 og 1964 vann han eitt individuelt gull i kvar av dei tre olympiske vinterleikane og to ski-verdsmeisterskapane som vart arrangert. Fire gull kom på femmila, medan han i 1960 under vinter-OL i Squaw Valley vann 30-kilometeren. Dessutan var han med på dei svenske stafettlaga som vann VM-gull 1962 og OL-gull 1964.
Jernberg var frå Lima i Malungs kommune i Dalarna og var heile si tid som aktiv medlem av Lima IF. Han vann femten individuelle gull under svenske meisterskap, og var med å sikre idrettslaget frå heimstaden fem SM-gull i 3x10 km stafett. Han døydde i Mora.
Jernberg vann Vasaloppet i 1955 og 1960. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1956 og Holmenkollmedaljen i 1960.