Sin City er ein film noir-inspirert teikneserie av Frank Miller. Handlinga er lagt til Basin City, som er full av korrupsjon, kriminalitet og drap. Sin City-serien består hittil av seks lange og fleire kortare historier. I 2005 blei nokre av dei filmatiserte i filmen Sin City.

Figurar

[endre | endre wikiteksten]

Blant dei viktigaste figurane i Sin City er

Historier

[endre | endre wikiteksten]

Sin City (The Hard Goodbye)

[endre | endre wikiteksten]

blei først gidd ut i delar i Dark Horse Presents utgåver #51-62 og i 5th Anniversary Special (juni 1991-juni 1992) under namnet Sin City. Namnet The Hard Goodbye fekk ho først da ho blei gitt ut i bokform i januar 1993.

Hovudpersonen er Marv, som vaknar opp på eit hotell og oppdagar at kvinna han nettopp hadde sex med, Goldie, har blitt myrda mens han sov. Like etter dukkar politiet opp for å arrestere han, og Marv skjønar at nokon har betalt for å få han tatt for mordet. Etter å ha flykta frå politiet bestemmer han seg for å finne og hemne seg på dei som står bak drapet på den einaste kvinna som nokon gong ville ha sex med han.

A Dame To Kill For

[endre | endre wikiteksten]

Den andre historia om Basin City blei publisert i eige blad frå november 1993 til januar 1994.

Her møter vi fotografen Dwight McCarthy, som er på oppdrag for ei kvinne som vil finne ut om mannen hennar er utru. Det endar med at han må redde den prostituerte Sally frå å bli skoten av nettopp denne mannen. Seinare same natt får Dwight ein telefon frå eksen Ava, som gjekk frå han til fordel for den styrtrike Damien Lord fire år tidlegare. Dwight møter Ava og får vite at livet med Damien er eit helvete, før dei blir avbrotne av Manute, ein stor svart mann som jobbar for Damien. Han tar Ava med seg tilbake til sjefen sin. Dwight får ikkje sove den natta, og bestemmer seg for å finne ut meir om Damien Lord.

[endre | endre wikiteksten]

Først utgitt i november 1994, inneheld tre korte historier.

Silent Night

[endre | endre wikiteksten]

Denne historia, 15 sider utgidd i november 1994, handlar om Marv og korleis han må redde ei lita jente frå fangenskap.

The Big Fat Kill

[endre | endre wikiteksten]

Dette er den tredje lange historia som blei gidd ut frå november 1994 til mars 1995. Dwight hamnar her i problem med Jackie-Boy, eksen til Dwights kjærast Shellie.

That Yellow Bastard

[endre | endre wikiteksten]

Fjerde lange historie i Sin City-serien handlar om politimannen John Hartigan og blei gidd ut i seks delar frå februar 1996 til juli same år. Hartigan må her redde 11 år gamle Nancy Callahan frå å bli valdtatt av den pedofile Roark jr, sonen til senator Roark.

Daddy's Little Girl

[endre | endre wikiteksten]

Først utgidd i A Decade of Dark Horse #1 (juli 1996) og seinare gidd ut i Tales to Offend #1 (juli 1997), og igjen i Booze, Broads and Bullets. Johnny er forelska i den mykje yngre Amy. Ho fortel han at faren ikkje vil godta det, og får Johnny til å ta med seg ein revolver for å ta livet av faren.

Lost, Lonely & Lethal

[endre | endre wikiteksten]

Inneheld tre korte historier og blei først utgitt i desember 1996

Sex & Violence

[endre | endre wikiteksten]

Sex & Violence blei først gidd ut i mars 1997 og inneheld to historier om leigemordaren Delia.

Just another Saturday Night

[endre | endre wikiteksten]

Utgidd for først gong i Sin City #1/2, august 1997, gjennom eit spesialtilbod og i avgrensa opplag, utgidd på nytt i oktober 1998. Historia handlar om Marv som forfølgjer ein gutegjeng med rikmannsungdommar som sett fyr på uteliggarar.

Family Values

[endre | endre wikiteksten]

Denne femte langhistoria kom i oktober 1997. Til forskjell frå dei fire andre historiene blei Family Values gidd ut som bok, heile historia på ein gong, og ikkje delvis. Her driv Dwight og etterforskar kven som står bak eit drap på eit gjengmedlem.

Hell and Back

[endre | endre wikiteksten]

Denne lengste av alle Sin City-historiene blei gidd ut frå juli 1999 til april 2000, og handlar om Wallace, ein kunstnar og krigshelt, som reddar ei kvinne som heiter Esther frå sjølvmord. Seinare, når dei går ut for å ta ein drink, blir Esther kidnappa av to menn. Wallace bestemmer seg for å redde ho.

Booze, Broads & Bullets

[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei samlebok frå 1998 som inneheld alle Frank Miller sine korthistorier frå Sin City. Historiene er i denne rekkefølgja:

Nye historier

[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Frank Miller sjølv kjem det til å komme fleire historier frå Sin City, og at han jobbar med nye historier til filmane.

Ei av dei nye historiene vil handle om Nancy Callahan, som skal hemne Callahans død ved å drepe dei resterande medlemmene av Roark-familien. Denne historia er med i filmen Sin City 2 og vil også bli trykt som teikneserie.

Film

[endre | endre wikiteksten]

Sin City

[endre | endre wikiteksten]

I 2005 kom filmen Sin City. Han tok for seg historiene «The Customer is Always Right», «Sin City (The Hard Goodbye)», «The Big Fat Kill» og «That Yellow Bastard». Bruce Willis spelte her Hartigan.

Sin City 2

[endre | endre wikiteksten]

Denne filmen, som er planlagt utgitt i 2010, er hovudsakleg basert på "A Dame To Kill For". Den opphavlege planlagde utgivingsdatoen var i 2008, men dei to regissørane Frank Miller og Robert Rodriguez har vore opptatte med andre prosjekt. I rolla som Nancy Callahan vil vi finne Jessica Alba.

Sin City 3

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare planlagt å komme i 2011, skal bygge på "Hell and Back". Robert Rodriguez skal visstnok ønske seg Johnny Depp i rolla som Wallace.