Sigurd Evensmo

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1912
Hamar kommune
Død

17. oktober 1978 (66 år)
Oslo

Yrke manusforfattar, journalist, skribent
Språk norsk
Ektefelle Randi Evensmo
Sigurd Evensmo på Commons

Sigurd Evensmo (14. februar 191217. oktober 1978) var ein norsk forfattar og journalist fødd på Hamar.

I ungdomsåra var Evensmo aktiv for Clarté og i kontakt med Mot Dag, men han melde seg inn i AUF og arbeidde aktivt der. Han byrja som journalistlærling i Hamar Arbeiderblad og fortsette sidan som journalist i fleire ulike arbeidaraviser, som Tiden,Tiden i Arendal, Fremtiden i Drammen og i Arbeidernes pressekontor, nå Avisenes Nyhetsbyrå i Oslo, og i 1939 byrja han i Arbeiderbladet. Under krigen var Evensmo aktivt med i motstandsarbeidet og han skreiv i den illegale avisa Bulletinen noko som førte til at han laut gå i dekning og flykta landet. Frå 1953 var han medlem i redaksjonen i Orientering. Han var filmkronikør i NRK frå 1948 til 1962.

Før krigen hadde han fått gitt ut eit skodespel, Konflikt i 1934. Den fyrste romanen hans kom ut i 1945, Englandsfarere. Handlinga i boka hadde bakgrunn i Evensmos eigne erfaringar frå krigen. Romantrilogien Grenseland (1947), Flaggermusene (1949) og Hjemover (1951) er eit hovudverk i den norske etterkrigslitteraturen og er ei sosial og psykologisk skildring av brytingane mellom lands- og bymiljø og av ein ung intellektuell arbeidarguts utvikling i mellomkrigstida. Evensmo fekk Kritikarprisen for bøkene, og på slutten av 1970-talet var triologien grunnlaget for fjernsynsserien Grenseland som vart laga av NRK. Romanane Gåten fra år null, Femten døgn med Gordona og Miraklet på Blindern kan alle katalogiserast som science fiction og Evensmo var blant dei første som skreiv i den sjangeren i Noreg. Han skreiv også manus til ei rekkje filmar, mellom anna til Line, bygd på Axel Jensens roman, og Bare et liv – historien om Fridtjof Nansen.

Prisar og utmerkingar

Verk

Bøker

Dramatikk

Bakgrunnsstoff