Shotts and Dykehead Caledonia Pipe Band

Skipa1910
Nettstadhttp://www.shottspipeband.com/ Sjå dette på Wikidata

Shotts and Dykehead Caledonia Pipe Band er eit sekkepipekorps av fyrste klasse frå Shotts i North Lanarkshire-regionen i Skottland. Korpset har vunne World Pipe Band Championships 16 gonger.

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Shotts and Dykehead Caledonia Pipe Band blei skipa i 1910 av pipe major Dugald MacFarlane.[1] Korpset kjøpte den fyrste uniforma si med kiltar i McKenzie-tartan i 1914. Trass i at det deltok i mange tevlingar fekk ikkje korpset suksess før Tom McAllister tok over leiarrolla i 1929.[1] I 1935 vann det verdsmeisterskapen i 2. klasse, og blei oppgradert til 1. klasse for sesongen 1936, då det vann den britiske meisterskapen på fyrste forsøk.[1] Etter at tevlinga var stoppa under andre verdskrigen, vann korpset verdsmeisterskapen i 1948 og 1952 under Tom McAllister, og det blei 21 store meisterskap under leiarskapen hans.[1]

Sonen til Tom McAllister, John Kerr McAllister, tok over som pipe major i 1954, i samarbeid med trommeleiaren Alex Duthart.[1] Under dette leiarskapet vann korpset fire VM på rad frå 1957 til 1960, ein rekord for den tida.[1] Etter å ha mista fleire medlemmar, inkludert Alex Duthart, tevla ikkje korpset i 1963. Willie Stevenson blei utnemnd som trommeleiar, og korpset tevla att i 1964.[1]

John Kerr McAllister blei pensjonert i 1968, etter å ha leia bandet til å vinna 26 store meisterskap. Han blei etterfølgd av ein yngre bror, Tom McAllister Junior.[1] Alex Duthart kom tilbake i 1970, og dei neste tolv åra før Tom pensjonerte seg, vann bandet 23 andre store meisterskap,[1] inkludert VM i 1980.[2] Alex pensjonerte seg i 1982 og Tom i 1984, og blei etterfølgd av John Scullion som leiande trommeslagar og James A. Bell som pipe major.[1] Ved slutten av 1986 tok Robert Mathieson og Jim Kilpatrick, som var medlemmar av bandet, over som høvesvis pipe major og leiande trommeslagar.[1] Korpset vann 30 store meisterskap under Mathieson, som pensjonerte seg ved slutten av 2010 og blei erstatta av Gavin Walker.[1]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 «About». shottspipeband.com. Henta 5. februar 2015. 
  2. «Just Champion». The Glasgow Herald. 18. august 1980. s. 3. Henta 14. oktober 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Shotts and Dykehead Caledonia Pipe Band