She Did It Singel av Eric Carmen frå albumet Boats Against the Current | ||
B-side |
Someday | |
---|---|---|
Utgjeve | August, 1977 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:48 (album) 3:39 (singel) | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Eric Carmen | |
Produsent | Eric Carmen | |
Eric Carmen-kronologi | ||
«Sunrise» (1976) |
She Did It | «Boats Against the Current» (1978)
|
«She Did It» er ein song skriven og framført av Eric Carmen, gjeve ut i august 1977. Han vart først gjeven ut på det andre soloalbumet til Boats Against the Current. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 23. plassen på Billboard Hot 100-lista,[1] 15. plassen på Cashbox-lista og 11. plassen i Canada.
Balladen er ein livleg kjærleikssong om å finne den rette personen til slutt og oppleve kjærleik etter å ha vore einsam ein lengre periode. Det er det lukkelege svaret til Carmen til den meir melankolske hitten frå året før, «All By Myself». Songen er blitt kalla «den beste Beach Boys-songen Brian Wilson ikkje skreiv.»[2]
Bruce Johnston frå Beach Boys syng korvokal på songen. Carmen omtalte hitten deira frå 1968, «Do It Again» som inspirasjonskjelda for songen på grunn av 'did-its'-partia. Burton Cummings, tidlegare i The Guess Who, er òg med på «She Did It», og det same er Andrew Gold på sologitar[3] og Jeff Porcaro frå Toto på trommer.[4] Carmen har sagt at «She Did It» igjen var ei inspirasjonskjelde for ein annan song, hitten «Did It in a Minute» av Hall & Oates i 1982, som han turnerte med på den tida songen vart ein hit.[5][6]
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100[7] | 23 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 26 |
U.S. Cashbox Top 100[8] | 15 |
Canada RPM[9] | 11 |
WLS survey (Chicago) [10] | 6 |
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100[11] | 182 |
WLS survey (Chicago)[12] | 56 |
Canada[13] | 104 |
She Did It Singel av Michael Damian | ||
B-side |
I Love How You Love Me | |
---|---|---|
Utgjeve | Mai 1981 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:25 | |
Selskap | LEG Records, LLC | |
Låtskrivar(ar) | Eric Carmen | |
Produsent | Pete Moore & Drake Miller | |
Michael Damian-kronologi | ||
She Did It | «Rock On» (1989)
|
Nesten fire år etter Carmen si utgåve av «She Did It», vart songen spelt inn av Michael Damian. Denne versjonen var debutsingelen hans frå 1981 og nådde 69. plass på Billboard og 95. plass på Cash Box.
Liste (1981) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100[14] | 69 |
U.S. Cashbox Top 100[15] | 95 |
Studioalbum | |
---|---|
Samlealbum | The Definitive Collection |
Singlar | «Go All the Way» · «All by Myself» · «Never Gonna Fall in Love Again» · «She Did It» · «Baby I Need Your Lovin'» · «Hungry Eyes» · «Make Me Lose Control» |
Tilknytte artiklar | Raspberries · Jimmy Ienner |