Sergej Rozjkov
Fødenamn Сергей Леонидович Рожков
Statsborgarskap Russland
Fødd 1. april 1972 (52 år)
Murmansk
Idrett skiskyting
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002

Sergej Leonidovitsj Rozjkov (fødd 1. april 1972 i Murmansk i Russland) er ein russisk skiskyttar.

Rozjkov har deltatt i verdscupen i skiskyting sidan 1995. Allereie i første sesongen vann han sitt første renn, 20 km i Pokljuka. Seinare har han vunne tre individuelle verdscuprenn til. I VM i Lahti i 2000 var han med å vinna gull med det russiske stafettlaget. 2004/05-sesongen var den beste sesongen hans så langt i verdscupen, då han kom på 5. plass samanlagt.

Rozjkov bur i Reutov i Moskva oblast. Han er gift og har eit barn. Han er utdanna frå Murmansk Statlege Tekniske Universitet. Han var med i den russiske troppen til OL i Torino i 2006. Der fekk han berre gå ein distanse, fellesstarten, der han kom på 20. plass.

Kortfatta merittliste

[endre | endre wikiteksten]

(per 28. februar 2006)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]