Illustrasjon av ein sellemembran og tilknytte proteinUlike molekyl kan nå gjennom sellemembranen på ulike måtar
Sellemembranar eller plasmamembranar er biologiske membranar som omgjev ei selle. Dei er sette saman av eit dobbelt lipidlag med eit hydrofobt indre, og slepp ikkje inn ion og polare molekyl.[1]Gram-negative-bakteriar har to sellemembranar, ein indre og ein ytre.[2]
Sellemembranar kan ha mange protein knytte til seg, og det har vore estimert at 30 % av dei proteinkodande gena i menneskegenomet er integrale membranprotein.[3] Mellom desse proteina er protein som kan sleppa inn og ut ion (ionekanalar)[4], vatn (akvaporin)[5] og andre molekyl (til dømes glukosetransportørar[6]).