Seglgarn er tauverk brukt til sying av seglduk og takling av tynne liner. Det er to til firegarns tauverk der kvar enkelt tråd eller tått opphavleg blei spunne av fine hampfibrar. Seglgarn er den finaste dimensjonen ein brukar til sjøs.[1] «Garn» betyr i denne sammenhengen omtrent det samme som tråd eller hyssing.[2] Førsteleddet i ordet, «segl» eller «seil», er eit lånord fra tysk og tyderr 'tau' eller 'line'.[3]
Seglgarn er også første trinn i framstillinga av tauverk der ein slår seglgarn til kordelar. Trinna er garn ⇒ seglgarn ⇒ kordel.[4]