Savanne i Kamerun med laterittjord.

Savanne er eit av dei større bioma på jorda og er ein slags mellomting mellom skog og steppe, eit grasdekt landskap med spreidde tre. Det finst savanne i Afrika, Sør-Amerika og Australia.

Klima og jordsmonn

Temperaturen er høg heile året. Årsnedbøren varierer mellom 250 mm på de tørraste savannene til 1800 mm på dei mest nedbørrike. Det er ei eller to tørketider. Jordsmonnet høyrer til lateritt-typen, men har på grunn av det tørrare klimaet høgare humusinnhald enn i den tropiske regnskogen.

Vegetasjon

Gras dominerer landskapet. Dei fleste grasartane er høgvokste, men utstrekt beiting held graset nede. Det afrikanske elefantgraset kan nå høgder på 5 meter.

Trea står enkeltvis eller i små holt. Mest vanleg er akasieartar. Trea tilpassar seg tørken på ulike måtar. Nokre artar fell blada i tørketida, medan andre har tjukke og nesten nåleforma blad. Dei hyppige brannane favoriserer artar som toler brann.

Fauna

Dyrelivet på savannen er rikt. Det er eit mangfald av store, planteetande pattedyr (antiloper, sebra, gnu, sjiraff) og store rovdyr som jaktar på desse (løve), så vel som åtseletarar (hyene).

Av insekt finn ein termittar, grashopper, sirissar og talrike maur- og vepseartar.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. (2023)