Santiago Carillo

Statsborgarskap Spania
Fødd 18. januar 1915
Gijón
Død

18. september 2012 (97 år)
Madrid

Yrke politikar, skribent
Språk spansk
Politisk parti Spanias kommunistiske parti, Workers' Party of Spain – Communist Unity
Far Wenceslao Carrillo
Santiago Carillo på Commons

Santiago Carillo (18. januar 191518. september 2012) var ein spansk politikar som var generalsekretær i kommunistpartiet (Partido Comunista de España) frå 1960 til 1982. Han var først medlem i sosialistpartiet (Partido Socialista Obrero Español), men vart medlem i PCE under Den spanske borgarkrigen, i 1936.

Etter borgarkrigen flykta han til Paris. Han var 38 år i eksil, mesteparten av tida i Frankrike.

Han vart leiar i PCE i 1960. I 1968, då sovjetiske styrkar invaderte Tsjekkoslovakia, byrja Carillo å distansere partiet frå Moskva.

Han vende attende til Spania i 1976 etter at Francisco Franco var død. I lag med Georges Marchais og Enrico Berlinguer lanserte Carillo eurokommunismen på eit møte i Madrid i 1977.

Carillo spela ei viktig rolle i den vellykka overgangen til demokrati i Spania. Han vart vald inn i nasjonalforsamlinga ved vala i 1977, 1979 og 1982. Dette året måtte han gå av som partileiar etter eit dårleg val for partiet. I 1985 vart han og nokre tilhengarar ekskluderte frå PCE. Dei danna ei ny moderat kommunistisk gruppe, men denne vart ikkje nokon suksess, og gruppa gjekk i 1991 inn i PSOE.

I 2005 vart han gjeven eit æresdoktorat ved Det autonome universitetet i Madrid. Høgrevridde kommentatorar kritiserte dette sterkt, og høgreekstremistar laga bråk ved seremonien, noko som i sin tur vekte motreaksjonar i mainstream-media. [1]

Carillo skal i 1991 ha sagt: «Kommunistrørsla har fullført den historiske syklusen sin, og det gjev inga meining å prøve å forlenge denne.»

Verk

[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Kjelde

[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Santiago Carillo.