Sannsynsfordeling blir nytta innan sannsynsteori og statistikk for å skildre korleis stokastiske variable, til dømes tilfeldige utval, fordeler seg. Dei einskilde utfalla av ein tilfeldig variabel kan ikkje føreseiast, men sannsynsfordelinga vil skildre sannsynet for at kvart moglege utfall vil inntre, og korleis verdiane i eit større utval normalt vil fordele seg.

Desse tilhøva er ulike avhengig av den underliggande fysiske prosessen eller logiske mekanismen; Utfallet av eit terningkast, ein lotteritrekning, radioaktiv nedbryting, ein intelligenstest eller ventetider i ferjekø vil difor ha ulike sannsynsfordelingar.

Formell definisjon

[endre | endre wikiteksten]

Ei sannsynsfordeling tildeler eit sannsyn til kvart intervall av moglege reelle tal slik at føresetnadene for den aktuelle fordelinga er ivaretatt.

Alle stokastiske variablar har ei sannsynsfordeling som inneheld den essensielle informasjonen om denne variabelen. Viss er ein stokastisk variabel, vil sannsynfordelinga tildele ein sannsyn til intervallet som er sannsynet for at har ein verdi i dette intervallet. Sannsynsfordelinga til kan eintydig skildrast av den (kumulative) fordelingsfunksjonen som er definert som:

Verdiane vil vere i området 0 (ingen sannsyn) til 1. Den deriverte til denne vert kalla sannsynstettleiken til . Kontinuerlege sannsynsfordelingar er fordelingar der sumfunksjonen òg er kontinuerleg; Dette tyder òg at for alle verdiar i ; Frå ein grenseverdibetraktning: når mengda moglege verd for går mot uendeleg må sannsynet for enkeltutfall gå mot null. Sannsynet for at er i intervallet er:

Ein fordeling blir kalla diskret viss sumfunksjonen består av ei rekkje endelege sprang, som tyder at variabelen er ein diskret stokastisk variabel; kan berre ha verdiar frå eit endeleg, høgst numererbart sett. Diskrete fordelingar blir skildra ved summen av sannsynene for enkeltutfall:

for .

Viktige sannsynsfordelingar

[endre | endre wikiteksten]

Diskrete fordelingar

[endre | endre wikiteksten]

Endeleg støytte

[endre | endre wikiteksten]

Uendeleg støytte

[endre | endre wikiteksten]

Kontinuerlege fordelingar

[endre | endre wikiteksten]

Støtte på eit ikkje-uendeleg intervall

[endre | endre wikiteksten]

Støytte på halvt uendeleg intervall, vanlegvis

[endre | endre wikiteksten]

Støytte for alle intervall

[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]