Sandesundbrua sett frå Alvim | |||
Type | bru | ||
---|---|---|---|
Stad | Mellom Alvim i Sarpsborg og Årum i Fredrikstad | ||
Opna | 1992 | ||
Strekning | Europaveg 6 | ||
Største spenn | 139 m | ||
Kryssar | Glomma | ||
Utforming | Fritt frambygg-bru[1] | ||
Transporterer | Bilar, syklistar, gåande | ||
Trafikk | E6 | ||
Sandesundbrua 59°16′13″N 11°05′45″E / 59.27027778°N 11.09583333°E |
Sandesundbrua mellom Sarpsborg og Fredrikstad er, med ei totallengd på 1 528 m, ei av dei lengste bruene i Noreg. Brua kryssar Glomma, og strekkjer seg frå Alvim via Sandesund over Glomma i Sarpsborg kommune, og møter land att på Årum i Fredrikstad kommune. Kommunegrensa kryssar brua omtrent på midten.
Brua er ein del av E6 gjennom Østfold, og vart opna i 1978. Ho hadde då to køyrefelt og ein gang- og sykkelbane bygd under køyrefelta.
Då brua vart bygd i perioden 1970-1978 var det ein føresetnad at ho skulle få fire køyrefelt, men på grunn av finansieringssituasjonen vart det vedteke å byggja berre to felt.
Brua har 48 spenn og er inndelt i brudelar:
I 2005 starta bygginga av ein «kopi» av den gamle brua, som vart bygd parallelt med den gamle. Ho er 1 521 m lang.[2] Dette var eit ledd i utbygginga av fire-felts veg frå Oslo til Gøteborg. Denne utbygginga er også ein del av den bompengefinansierte utbygginga av E6 gjennom Østfold.
16. mai 2008 vart den nye brua opna for trafikk. Samstundes vart den gamle brua stengd for rehabilitering. Sandesundbrua opna for fire-feltstrafikk i november 2008[3].