Sandar kyrkje | |||
Sandar kirke | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Sandefjord | ||
Sokn | Sandar | ||
Fellesråd | Sandefjord | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Byggm. Horn, så Hans Christian Lind | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 15. august 1792 | ||
• Endringar | M.a. 1816, 1868, 1929, 1964 | ||
Tårn | I nordaust | ||
Klokker | 3: ei frå gamlekyrkja, 2 frå Olsen Nauen 1947 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1985, i tillegg til den frå 1792 | ||
Døypefont | Av svart marmor, 1868 | ||
Altartavle | Bilete måla av Frederik Petersen[1] i 1807[2] | ||
Orgel | Flentrop Orgelbouw, 2010[3] | ||
Sitjeplassar | 700[4] | ||
Sandar kyrkje 59°08′03″N 10°13′35″E / 59.134292°N 10.22646889°E | |||
Wikimedia Commons: Sandar kirke |
Sandar kyrkje er ei krosskyrkje frå 1792 i Sandefjord kommune i Vestfold.
Kyrkja avløyste ei steinkyrkje frå mellomalderen som var i dårleg stand etter eit lynnedslag i 1745, og som dessutan var for lita. I byrjinga vart ho kalla Frederiks kirke, og kommunen heitte Sandeherrad fram til 1930 (og vart slått saman med Sandefjord i 1968).
Sandar kyrkje er prega av Louis Seize-stil, med unntak av spiret, som er meir nygotisk etter ei restaurering i 1868. Kyrkja har elles vore gjennom fleire omgangar med forfall og vøling.
Det er kyrkjegard attmed kyrkja, men han er full, og hovudgravplass for byen er ved Orelund kapell.
Sandar kyrkje er prostikyrkje i Sandefjord prosti.[5]