Proklamasjon av Wilhelm I til tysk keisar i Versailles den 18. januar 1871 av Anton von Werner Ytterst til venstre på avsatsen (i svart) kronprinsen Frederik Willem (seinare Fredrik III), deretter far hans Wilhelm I og storhertug Fredrik I van Baden, som den første gav ein skål for keizer Wilhelm . I midten (med den kvite uniforma) Otto von Bismarck , til høgre for han Helmuth von Moltke.Samlinga av Tyskland , eller Reichsgründung (grunnlegginga av riket) skjedde 18. januar 1871 . Under riksgrunnlegginga vart det vedteke at fleire små statar skulle gå saman i det Tyske keisarriket, og at Preussen skulle ha ei leiande rolle i riket.
Det tyske riket vart danna av m.a. desse statane:
Kongedømmet Preussen, Bayern , Sachsen og Württemberg
Storhertugdømma Baden , Hessen , Mecklenburg-Schwerin, Mecklenburg-Strelitz, ldenburg og Sachsen-Weimar-Eisenach
Hertugdømma Anhalt , Brunswijk, Sachsen-Altenburg, Sachen-Coburg-Gotha og Sachsen-Meiningen
Fyrstedømma Lippe , Reuss eldre line, Reuss yngre line, Schaumburg-Lippe, Schwarzburg-Rudolstadt, Schwarzburg-Sondershausen og Waldeck
Fristatane Bremen, Hamburg og Lübeck Etter den fransk-tyske krigen , som vart vunne av Tyskland, vart Elsass-Lotharingen med i riket.