Sametingsvalet 2009 vart halde 13. september. Valdeltakinga ved årets sametingsval var på 69,3 prosent, noko som er ein nedgang på 3,3 prosentpoeng i høve til 2005. Så mykje som 40 prosent av dei godkjende røystene vart avgjevne på førehand.

Arbeidarpartiet var som ved førre val det største partiet. Norske Samers Riksforbund gjekk attende, også som sist. Den nye vallista Árja fekk 10% av røystene totalt, ein femtedel av røystene i Ávjovári valkrins. Framstegspartiet stilte liste for første gong, og fekk inn tre representantar i Sametinget.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. Malen blei sett inn 2024