Samanliknande eller komparativ politikk er ei faggrein innan statsvitskapen, som er særmerkt ved sin bruk av samanliknande metode. Forskarane Seymour Martin Lipset og Stein Rokkan er med sine vitskaplege arbeid rekna som nokre av grunnleggjarane av denne faggreina. Oftast er faggreina underlagd meir ålmenn statsvitskap, men på Rokkans eige universitet, Universitetet i Bergen, har dei eit Institutt for samanliknande politikk, der dette vert undervist i som eit eige fag.

Den eldste studien i samanliknande politikk

[endre | endre wikiteksten]

Aristoteles stod attom det som somtid vert kalla den eldste studien i samanliknande politikk, Politikken (Πολιτικα). Han samla inn informasjon om statsskipnaden i over 150 greske bystatar i samtida, og kategoriserte funna etter variablane kor mange som styrte, éin, eller mange og om styresettet var godt eller dårleg, det vil seia om styret var meint å tena til alle sitt beste eller ei. Denne kategoriseringa gjev eit oversyn over seks slag bystatar:

Talet på styrande Tener alle sitt beste Tener ikkje alle sitt beste
Éin Monarki Tyranni
Aristokrati Oligarki
Mange Politeia Demokrati

Merk at Aristoteles kallar pøbelveldet eller fleirtalsdiktaturet for demokrati, medan politeia er ordet han nyttar om det som ligg nærast det me i dag brukar kalla demokrati: Eit fleirtalsstyre som søkjer tena alle sitt beste.

Sentrale spurdagar i nyare tid

[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid har ein sette større fokus på kva som utgjer eit demokratisk styresett, og korso det vert til. Forsking innan samanlikande politikk freistar til dømes å svara på:

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.