Sam Cooke | |||
| |||
Fødd | 22. januar 1931 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Clarksdale | ||
Død | 11. desember 1964 (33 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Samuel Cook | ||
Alias | Sam Cooke | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1950–1964 | ||
Sjanger | R&B, soul, gospel, pop, jazz | ||
Instrument | Song, piano, gitar | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | The Singing Children, The Highway Q.C.'s, The Soul Stirrers, J. W. Alexander, Lou Rawls, Bobby Womack | ||
Plateselskap | Specialty, Keen, RCA | ||
Verka som | songar, pianist, låtskrivar, songar-låtskrivar, gitarist, plateartist | ||
Born | Linda Womack | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame |
Samuel Cook, betre kjend under artistnamnet Sam Cooke (22. januar 1931–11. desember 1964), var ein amerikansk songar, låtskrivar og forretningsmann.[1] Cooke var ein av dei første artistane tilå gå frå gospel til det som på den tide blei kalla pop, og som seinare på 1960-talet blei kjend som soul.
Cooke spelte inn klassiske soulspor som «You Send Me», «Chain Gang», «Wonderful World», «Bring It On Home to Me» og «A Change Is Gonna Come». Han skipa også plateselskapet SAR Records.
Sam Cooke var ein av sju sysken. Far hans var baptistpastor. Han viste tidleg teikn på songtalent då han song i kyrkja faren preika i. Sam Cooke og fleire av syskena hans var i ei gruppe kalla The Singing Children som opptredde i ulike kyrkjer. Seinare blei Sam Cooke med i gruppa The Highway QC's. I 1950 blei han førstsongar i The Soul Stirrers, ei av dei største gospelgruppene på den tida. Saman med gruppa hadde han stor suksess med «Nearer to Thee» (1955), «Touch the Hem of His Garment» (1956) og «Jesus, Wash Away My Troubles» (1956).[1]
Cooke ønska å nå eit breiare publikum enn det gospelmusikken gav han. Sidan det kristne miljøet mistrudde gospelsongarar som også song populærmusikk, gav han i 1956 ut singelen «Lovable» under pseudonymet «Dale Cook».[2] Men stemmen hans var lett å kjenna att, og han kom til ei forståing med plateselskapet til Soul Stirrers, Specialty Records, om å spela inn sekulær musikk under sitt eige namn. Leiaren for selskapet, Art Rupe, hadde venta at Cooke skulle laga liknande musikk som Little Richard. Då han fekk høyra kva Cooke og produsenten Bumps Blackwell spelte inn - musikk av George Gershwin - blei han ikkje glad. Etter ein krangel mellom Rupe og Blackwell forlét Cooke selskapet saman med Blackwell.[3]
I samband med utviklinga si som popartist endra Sam Cooke skrivemåten på etternamnet sitt frå Cook til Cooke. Det store gjennombrotet hans kom i 1957 med singelen «You Send Me», som gjekk rett til førsteplassen på den amerikanske Billboardlista.
I 1961 skipa Cooke plateselskapet SAR Records. Cooke var ein av dei første afroamerikanske artistana som starta sitt eige plateselskap. Artistar ved selskapet var Simms Twins, The Valentinos (Bobby Womack og brørne hans), Bobby Womack og Johnnie Taylor. Seinare på 1960-talet skreiv Cooke kontrakt med plateselskapet RCA, der han kom til å bli den bestseljande artisten etter Elvis Presley. I åra som følgde fekk han ei mengd hittar, som «Wonderful World», «Only Sixteen», «Cupid», «Twistin' The Night Away» og «Shake». Han skreiv dei fleste songane sine sjølv. Ein av dei, «A Change Is Gonna Come», blei eit viktig symbol for den amerikanske borgarrettsrørsla.
11. desember 1964 blei Sam Cooke skoten på eit motell i Los Angels. Han skal ha kome i klammeri med motellstyraren, Bertha Frnaklin, som skaut han fordi ho sa ho følte seg truga på livet.[4]
Cooke var gift to gonger.[5] Den første kona hans var Dolores Elizabeth Milligan Cook,[6] ein songar og dansar som døydde i ei bilulukke i Fresno i California i 1959.[7] Sam Cooke og Dolores var då skilde,[8] men Cooke betalte likevel for gravferda hennar.[5] Cooke og den andre kona hans, Barbara Campbell Cooke,[9] hadde tre barn - Linda (f. 1953),[10] Tracy (f. 1960) og Vincent (1961–1963), som drukna i symjebassenget deira.[5][11] Cooke skal også ha fått andre barn utanfor ekteskap.[12]
Sam Cooke blei vald inn i The Rock and Roll Hall of Fame i 1986.[1] Iføljge Encyclopædia Britannica var han og Ray Charles dei viktigaste svarte songaren i etterkrigstida.[1] I 2007 sette den kanadiske utgåva av magasinet Rolling Stone Cooke på tiandeplassen på si liste over verdas mest innverknadsrike artistar gjennom tidene.
(utval)
Singlar (topp 10 på Billboard Hot R&B)[13]