Saab 9-5 Stasjonsvogn

SAAB 9-5 er ein bilmodell frå svenske SAAB. Bilen vert levert som sedan eller stasjonsvogn som kallast Estate. Han erstatta i utgangspunktet SAAB 9000, medan dei to bilmodellane vart selt parallelt det fyrste året. «Niofemman», som svenskane kallar han, vart teikna av nordmannen Einar J. Hareide.

Historie

[endre | endre wikiteksten]

SAAB 9-5 sedan vart introdusert i 1997. Det var den fyrste bilen med aktive nakkestøtter.[treng kjelde] Tryggleiksomdømet var kanskje ein av grunnane til at 9-5 sedan vart ein suksess i USA.[treng kjelde] I 1999 kom 9-5 Estate. SAAB 9-5 vart oppgradert med modifisert bakaksel i 1998, og 2002-modellen fekk ei formendring. Siste formendring kom i 2006 då 9-5 blant anna fekk ny markant front.

Utstyrsversjonar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste åra vart 9-5 levert som S eller SE og Aero. Aero vert levert med berre ein motorstorleik, med 230 hk. SE-utgåva hadde klimaautomatikk. Etter ei formendring i 2002 kom utstyrsvariantane Linear, Arc, Vector og Aero.

Motorar

[endre | endre wikiteksten]

Det har aldri vorte levert undermotoriserte variantar av 9-5.[treng kjelde] Ved introduksjonen var ein to liters lågtrykksturbomotor på 150 hk den minste motoren. SAAB 9-5 har alltid hatt turbo på alle motoralternativa:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]