Rushes Studioalbum av The Fireman | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. september 1998 | |
Innspelt | Tidleg 1998 | |
Sjanger | Ambient techno, elektronisk, EDM | |
Lengd | 61:20 | |
Selskap | Hydra/EMI | |
Produsent | The Fireman | |
The Fireman-kronologi | ||
---|---|---|
Strawberries Oceans Ships Forest (1993) |
Rushes | Electric Arguments (2008) |
Paul McCartney-kronologi | ||
Standing Stone (1997) |
Rushes | Run Devil Run (1999) |
Singlar frå Rushes | ||
|
Rushes er eit ambient techno-album av The Fireman, ein duo som består av Paul McCartney og produsenten Youth.
Ei linje med tekst i songen «Palo Verde» var henta frå ein ikkje utgjeven song av McCartney, kalla «Let Me Love You Always».[1][2] På liknande vis var bitar frå ein annan ikkje utgjeven song, «Hey Now (What Are You Looking at Me For?)», nytta i «Bison», «Auraveda» og «7 a.m.».[1][2] Begge desse ikkje-utgjevne songane vart spelte inn ein gong i 1995 i McCartney sitt The Mill studio.[1] Alle songane på albumet vart spelte inn tidleg i 1998.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
Albumet vart betre motteke enn Strawberries Oceans Ships Forest, og skilde seg frå dette med å ikkje vere så basert på tidlegare McCartney-innspelingar.
Rushes vart gjeven ut i Storbritannia på Hydra den 21. september 1998,[5] medan det i USA vart gjeve ut 20. oktober 1998.[6] Det vart gjeve ut to 12"-singlar frå albumet, begge miksar av «Fluid».[5] Den første singelen kom ut same dagen som albumet og inneheldt songane «Fluid», «Appletree Cinnabar Amber», og ein lengre versjon av ein song frå albumet, kalla «Bison (Long One)».[7] Den andre 12"-singelen kom ut i 1999 i ei avgrensa utgåve på 3000 eksemplar, kalla Fluid (Nitin Sawhney Remixes), med tre remiksar av «Fluid» («Fluid (Out of Body and Mind Mix)», «Fluid (Out of Body Mix)» og «Fluid (Out of Body with Sitar Mix)») og albumversjonen av «Bison».[8] Som det første albumet til duoen,[9] gjekk ikkje Rushes inn på salslistene noko stad og er heller ikkje lenger i sal.[5]
Alle songar skrivne av The Fireman.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Watercolour Guitars» | 5:48 |
2. | «Palo Verde» | 11:56 |
3. | «Auraveda» | 12:51 |
4. | «Fluid» | 11:19 |
5. | «Appletree Cinnabar Amber» | 7:12 |
6. | «Bison» | 2:40 |
7. | «7 a.m.» | 7:49 |
8. | «Watercolour Rush» | 1:45 |