61°34′36.59″N 9°54′29.24″E / 61.5768306°N 9.9081222°E
Rudi Gard er ein gard i Sør-Fron som er særskilt kjend for kulturverksemd i form av konsertar, teater, revy, utstillingar og servering.
Garden er omtalt i 1319, og historia frå 1600-talet av skal vere godt dokumentert.[1] Garden har i periodar vore delt, ein har drive skogsdrift og bureisingsbruk har vorte rydda. Ei seter ved Gålå vert i dag leigd ut til overnatting, og verksemda er prega av bygdeturisme med servering og kulturarrangement.
Garden er tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv og har elles motteke ei rekkje prisar for verksemda. Vertskapet Nina og Øystein Rudi vann Storegutprisen i 2009.[2]