Rolf Nesch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1893 Oberesslingen |
Død |
27. oktober 1975 (82 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, bilethoggar, grafikar |
Språk | norsk |
Medlem av | Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Ektefelle | Ragnhild Hald |
Rolf Nesch på Commons |
Emil Rudolf Nesch, kjend som Rolf Nesch, (7. januar 1893–27. oktober 1975) var ein tysk-norsk målar og grafikar fødd i Oberesslingen am Neckar, død i Oslo. Han er særleg kjend for sine nyskapande grafiske verk frå 1930-talet, både frå før han flykta frå Tyskland i 1933, og i åra etter.
Nesch var fødd i Oberesslingen i Württemberg.[1] Under første verdskrigen var Nesch soldat og blei såra.
Rolf Nesch kom til Noreg i 1933, etter at [[Adolf Hitler>Hitler]] hadde kome til makta i heimlandet. Før han forlét Tyskland hadde Nesch vekt merksemd med grafikken sin, og i Noreg skapte han i 1933-34 serien «Snegrafikk», som var inspirert av norsk natur og arbeidsliv. Innan grafikk eksperimenterte han med plater pålodda netting, kopartråd og metallbitar og fekk på den måten ein dekorativ relieffverknad. Han laga også karakteristiske skulpturar, mest hovud, i stein og bronse.
Det mange forbind med Nesch er originale materialbilde som er sett saman av metallplater og metalltråd, netting, spikar, stein, glas, glimmer, kork, tau, treverk og så vidare. I slutten av 1930-åra utforma han nokre kjende fiskebilde, «Jukseflåten» og «Lofotfiskere trekker garn». Med utgangspunkt i ein serie grafiske blad frå 1938 fullførte han i 1965 det 11 meter lange og 3 meter høge dekorative feltet «Sildefiske» i Indekshuset i Oslo, eit verk som på 70-talet blei rekna som det rikaste arbeidet i norsk monumentalkunst etter krigen.
Nesch kjøpte garden Rud ved Ål i Hallingdal i 1951. Her budde han og arbeidde resten av livet. I 1993 blei det opna eit eige Nesch-museum i Ål.[2]