Rocket Man (I Think It's Going to Be a Long Long Time) Singel av Elton John frå albumet Honky Château | ||
B-side |
«Susie (Dramas)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. april 1972 | |
Innspelt | januar 1972 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 4:41 | |
Selskap | MCA (US/Canada) DJM (rest of the world) | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Elton John-kronologi | ||
«Tiny Dancer» (1972) |
Rocket Man (I Think It's Going to Be a Long Long Time) | «Honky Cat» (1972)
|
«Rocket Man (I Think It's Going to Be a Long, Long Time)» er ein song skriven av Elton John og Bernie Taupin, og opphavleg spelt inn av John. Songen kom først ut på albumet Honky Château i 1972 og vart ein hitsingel. Han nådde andreplassen i Storbritannia og sjetteplass i USA.
Songen baserer seg på eit liknande tema som David Bowie-songen «Space Oddity» frå 1969 (begge innspelingane var produserte av Gus Dudgeon), men ifølgje ei forteljing i boka til Elizabeth Rosenthal, His Song: The Musical Journey of Elton John, var songen inspirert av Taupin som anten såg eit stjerneskot eller ei fly i det fjerne. Teksten omhandlar korleis astronautar ikkje lenger vart sett på som heltar, men at det hadde vorte eit «kvardagsyrke». Som John syng i opningslinjene, «She packed my bags last night, pre-flight. Zero hour: 9 a.m. And I'm gonna be high as a kite by then». Musikalsk er songen ein popballade med intrikat arrangerment, der synthesiser og slidegitar medverkar til den bakomliggande stemninga.
«Rocket Man» vart rangert på 245. plass i 2010 på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Ein annan song kalla «Rocket Man» vart gjeven ut av bandet Pearls Before Swine i 1970 på albumet The Use of Ashes. I eit intervju med Billboard sa Taupin at han kjente til songen, skriven av Tom Rapp, og at songen hadde vore ein direkte inspirasjon for teksten hans. På grunn av likskapar mellom «Rocket Man» og Bowie sin «Space Oddity». Bowie sjølv tok opp denne samanhengen på konsertversjonar av «Space Oddity» då han song ut «Oh, Rocket Man!»[1]
Liste (1972) | Plassering |
---|---|
Storbritannia[2] | 2 |
Tyskland[3] | 18 |
Irland[4] | 6 |
U.S. Billboard Pop Singles[5] | 6 |
Liste (2008) | Plassering |
Noreg[6] | 18 |
Rocket Man Singel av Kate Bush frå albumet Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. november 1991 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 5:02 | |
Selskap | Mercury | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | Kate Bush | |
Kate Bush-kronologi | ||
«Love and Anger» (1990) |
Rocket Man | «Rubberband Girl» (1993)
|
Kate Bush gav ut ein versjon av «Rocket Man» i 1991 som ein del av hyllestalbumet til Elton John/Bernie Taupin kalla Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin. Den reggae-aktige versjonen hennar vart ein stor suksess og nådde 12. plass på den britiske singellista og andreplass i Australia. I 2007 vart versjonen av The Observer kåra til den beste coverversjonen gjennom tidene.[7] B-sida til singelen var ei innspeling av ein annan Elton John-klassikar, «Candle in the Wind».
« | Frå eg var 11 år gammal var Elton John den største helten min. Eg elska musikken hans og hadde alle albuma og håpte at eg ein dag skulle kunne spele piano som han (det håper eg framleis). Då eg vart spurt om å vere med i prosjektet og og fekk velje ein song var det som å bli spurt ‘vil du få ein draum oppfylt? Vil du vere Rocket Man?’... ja, takk. | » |
—Kate Bush[8] |
Liste (1991–1992) | Plassering |
---|---|
Storbritannia[9] | 12 |
Australia[10] | 2 |
Nederland[11] | 27 |
Nederland[12] | 22 |
Frankrike[13] | 45 |
Tyskland[3] | 36 |
Irland[4] | 17 |
Sveits[14] | 20 |
U.S. Billboard Modern Rock Tracks[15] | 11 |
Songen vart spelt som avslutningssong på 360º-turneen til U2.
246: «Love Shack» The B-52's |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 245 «Rocket Man» Elton John |
244: «Stand!» Sly and the Family Stone |