Rockall er ein del av eit undersjøisk fjell som stikk opp av havet Nordaust i Atlanterhavet. Det bur ingen menneske der, og det er ikkje ofte nokon går i land. Rockall er nok for dei fleste mest kjend frå vêrmeldingar. Rockall ligg 407 kilometer vest av Hebridane. Posisjonen er 57°35’48"N-13°41’19"V. Fjellet stikk 23 meter opp av havet, med eit tverrmål på kring 27 meter. I 1955 gjekk britiske soldatar i land og erklærte fjellet som ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Dei sette opp ein plakett på fjellet. På plaketten står det:
I 1969 vart det oppdaga store petroleumsressursar i området kring. Det er ikkje starta med utvinning av petroleum, men ressursane gjer det attraktivt å ha rettane til kontinentalsokkelen ved Rockall. Fleire andre land gjer krav på Rockall. Danmark hevdar krav i høve til Færøyane. I tillegg har Island og Republikken Irland gjort krav på Rockall.
Miljøorganisasjonen Greenpeace gjekk i 1997 i land på Rockall. I protest mot planane om petroleumsutvinning grunnla dei staten Waveland.
Det har vore mange skipsforlis ved Rockall. 28. juni 1904 rende D/S «Norge» på St. Helens-revet like nordaust om Rockall, og 610 av dei 765 som var om bord mista livet.