Robin Hood

Opptrer isoga om Robin Hood
Identifisert medRobin Hood, Robin Wood
LandKongeriket England
EktefelleMaid Marian
SambuarMaid Marian

Robin Hood er ein kjend, legendarisk skikkelse frå England. Eksistensen hans har ikkje kunna påvisast historisk, men det er blitt gjort mange forsøk.

Robin Hood blir sagt å ha levd saman med vennene sine i skogen etter å ha blitt lyst fredlaus for å ha opponert mot styresmaktene, særleg det britiske presteskapet, skatteinnkrevaren og sheriffen. Det finst fleire forteljingar om det han skal ha utretta. Han blir sagt å ha vore dyktig i bruk av boge og andre våpen. I nokre forteljingar blir han knytt til ein kjærast frå høgare samfunnslag. Ho blir vanlegvis kalla Marion, men nokre stader blir ho kalla Mary og Maud. Robin Hood skal ha støtta dei undertrykte og fortsette motstanden sin mot øvrigheita. Det blir sagt at han «stal frå dei rike og gav til dei fattige». Desse trekka er omstridde, men ideologisk modifiserte gjennom tidene. Forteljinga har dermed appellert til folkemassane; Robin Hood er blitt sett på som ein som kjempa mot urettferd og hjelpte dei svake.

Dei eldste kjeldene

[endre | endre wikiteksten]
Frå ein Gest of Robyn Hode frå 1500-talet

Ein meiner at dei eldste forteljingane om Robin Hood kan stamma frå høgmellomalderen. Den eldste av dei bevarte forteljingane, gjerne kjent som Robin Hood and the Monk, blir omtalt i innleiinga som talkyng of the monke and Robyn Hode. Ho er kjend frå ei manuskriptsamling frå omkring 1450, men er noko eldre enn dette. To lengre dikt, A Gest of Robyn Hode og A Lyttell Gest of Robyn Hode, finst i fleire versjonar frå byrjinga av 1500-talet. Dei fleste av hovudelementa i legenda blir skildra i desse, som at Robin er lovlaus, ein særs god bogeskyttar, og ein som vernar dei svake.

Det finst også eldre referansar til Robin Hood. Den eldste som er kjend er frå kring 1377, i William Langland sitt dikt Piers Plowman. Der står det:

Originaltekst Omsetjing
I can noght parfitly my Paternoster as the preest it syngeth

But I can rymes of Robyn hood and Randolf Erl of Chestre.

Eg kan ikkje min Fadervår perfekt slik presten syng han

Men eg kjenner versa om Robin Hood og Randolph, jarl av Chester.

Det finst andre kjelder som tyder på at legenda var kjent allereie i 1261–1262. Det er altså eit tidsrom på omkring to hundreår mellom dei første hinta om legenda og den eldste bevarte versjonen av henne.

I renessansen heldt ein festivalar der ein kledde seg ut som Robin Hood og vennene hans. Også dei kongelege var med på dette.

Den verkelege Robin Hood?

[endre | endre wikiteksten]
Statue av Robin Hood i Nottingham

Det er blitt gjort mange forsøk på å finna bakgrunnen for skikkelsen Robin Hood. Frå mange hald er det blitt hevda at han verkeleg har levd. Frå andre hald har ein meint det motsette. Den prestisjetunge Dictionary of National Biography har ein biografi om han som eine og åleine er skriven for å forklara at han aldri har eksistert.

Det første kjente forsøket på å identifisera sogefiguren Robin Hood med ein verkeleg person kom i Andrew de Wyntoun si krønike over skotsk historie fram til 1408, som var ferdig i 1420. Der tidfesta han Robin Hood og Little John til 1283–1285, og plasserte dei i Inglewood og Barnsdale.

Kring tjue år seinare skreiv ein annan skotte, Walter Bower, at han var ein «kjend mordar ... som den dumme befolkninga er så overordentleg glad i å hylla både i tragedie og komedie», og tidfesta han til 1266. Dette plasserte Robin i ei mogleg historisk kontekst blant adelsmennene som hadde mista rettane sine etter slaget ved Evesham i 1265.

Den tredje kjente tidfestinga var det òg ein skotte som stod for, John Major. Han gav ut History of Greater Britain i 1521, og plasserte Robin Hood i åra 1193–1194, medan Rikard løvehjarte var i fangenskap etter krosstoget.

Det blei ikkje gitt noka grunngiving eller tilvisingar som støtta nokre av dei tre dateringane, men den siste blei etter kvart den mest aksepterte, og i den moderne forma av legenda er Robin Hood uløyseleg knytt til Rikard løvehjarte og Johan utan land, medan Sherwoodskogen i Nottinghamshire blei allment akseptert som heimstaden hans. Barnsdale i South Yorkshire var lenge òg rekna som ein mogleg stad, og i nokre versjonar blir dei to blanda saman slik at sheriffen av Nottingham opptrer i Barnsdale, eit område der han ikkje ville ha hatt nokon mynde.

I 1795 gav Joseph Ritson ut ei særs innverkandsrik samling av gamle Robin Hood-balladar, Robin Hood: A collection of all the Ancient Poems Songs and Ballads now extant, relative to that celebrated Outlaw.[1] I forordet presenterer han dei kjeldene han har gjennomgått, og meinte at den historiske Robin Hood var ein mann ved namn Robert Fitzooth, som døydde 18. november 1247.[2]

I seinare tida har fleire forskarar prøvde å finna opphavet til forteljingane, og nokre har gått ut ifrå at dei kan vera baserte på fleire ulike hendingar og element. Fleire historikarar tenker seg at Robin Hood ikkje er basert på éin person, men snarare på fleire personar med liknande omstende.

Ein interessant faktor er at ein frå særs gammalt av, truleg heilt tilbake til heidensk tid, kjenner ein festival som blei halden i mai til ære for ei slags ånd eller alv som var kjend som Robin Goodfellow. Ein liknande person blir omtalt i fransk litteratur, der han er kalla Robin de Bois, 'Robin frå skogane'. Denne mytiske skikkelsen kan kanskje vera ein del av opphavet.

Den litterære Robin Hood

[endre | endre wikiteksten]

Frå omlag regjeringstida til Elisabet I blei det skrive teaterstykke om Robin Hood. Seinare er han kjent som ein viktig litterær skikkelse. Det er bltit skrive mange bøker om han, også for barn. Han blir sett på som ein velgjerar som gjorde godt mot allmugen og tukta urettvise makthavarar.

Særleg gjennom Walter Scott sitt verk Ivanhoe er han blitt eit symbol på striden mellom angelsaksarar og normannar.

Blant dei mest utbreidde moderne versjonane av Robin Hood-sogene kan reknast den amerikanske kunstnaren Howard Pyles (1853–1911) si Merry adventures of Robin Hood (1883), som er gjeven ut fleire gonger på norsk, både med og utan forfattarangjeving. Robin Hood (1950) av Rosemary Sutcliff er ei attforteljing av teksten til Pyle.

Filmatiseringar

[endre | endre wikiteksten]

Det er laga ei rekke filmar og fjernsynsseriar om Robin Hood. Dei fleste følgjer ein felles versjon av legenda, der historia er lagt til perioden der Rikard løvehjarte var i fangenskap og Johan utan land hadde rana til seg makta. Dette har bidratt mykje til å styrka denne versjonen som den dei fleste kjenner til i moderne tid.

1922-versjonen med Douglas Fairbanks i hovudrolla

Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1887 reprint, publisher J.C.Nimmo, https://archive.org/details/robinhoodcollect01ritsrich accessed JAN 18 2016, digitized 2008 from book provided by University of California Libraries
  2. https://archive.org/stream/robinhoodcollect01ritsrich/robinhoodcollect01ritsrich_djvu.txt Retrieved 12 January 20016
  3. «AFI'S 100 YEARS...100 HEROES & VILLAINS». Det amerikanske filminstituttet. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 1. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Robin Hood